Juryordninga

Oversikt over oppgavane til ein lekdommer i jury-saker. Juryorninga fjernast frå domstolane i 2018.

Oppgåvene som lagrettemedlem i lagmannsretten

Lagmannsretten behandlar anke over straffedommar avgjort i tingrettane. Når lagmannsretten behandlar skuldspørsmålet i straffesak med strafferamme på meir enn seks års fengsel, vert retten sett med tre fagdommarar. I tillegg er det ti lekdommarar som utgjer lagretten. Lagretten tar berre stilling til om tiltalte er skuldig eller ikkje etter tiltalen. Lagretten skal ikkje ta stilling til spørsmålet om straff. Lagrettens ordførar vert valt av og blant de ti medlemmene av lagretten.

Når rettsforhandlingane er over, trekker lagretten seg tilbake i einerom for å rådslå. Før lagretten trekker seg tilbake, gir rettens formann ein utgreiing om saka. Utgreiinga tar mellom anna for seg dei rettsspørsmål som saka reiser. Lagretten er bunden av rettsformannen sitt syn på korleis rettsreglane skal bli forstått.

Under dei lukka forhandlingane kan lagretten berre ta kontakt med rettens formann, men han kan ikkje vere til stades når lagretten drøfter saka. Kvar einskilt lagrettemedlem stemmer etter tur ja eller nei på spørsmåla om tiltalte er skuldig eller ikkje etter tiltalen.

Minst sju av medlemmene må stemme ja for at lagretten kan svare ”ja” på kvart av spørsmåla. Rådslagninga og stemmegivinga i lagretten er hemmeleg, og det vert heller ikkje gitt ei grunngjeving for svara. Når lagretten har kome tilbake i rettssalen, les ordføraren opp kvart einskilt spørsmål og så lagretten sitt svar.

Dei juridiske dommarane kan sette lagretten si avgjerd til side og bestemme at saka skal behandlast på nytt dersom tiltalte er kjent skuldig, men fagdommarane meiner at det ikkje er ført tilstrekkelige bevis for dette. Har lagretten svara nei på skuldspørsmålet, kan fagdommarane setje avgjerda til side dersom dei einstemmig finn at han utan tvil er skuldig. Vert lagretten si avgjerd sett til side, skal saka behandlast på nytt. Da blir den ikkje behandla som lagrettesak, men i meddomsrett.

Dersom tiltalte er kjent skuldig og avgjerda er godtatt av retten, skal spørsmålet om straff avgjerast. Då deltar fire av lagrettens medlemmer (ordføraren og tre til) saman med fagdommarane. Dei tre vert tatt ut ved loddtrekning.