Anke i ei straffesak

Foto: Gulating lagmannsrett

Avgjerdene i tingretten kan ankast til lagmannsretten Både den som er domfelt og påtalemakta kan anke, medan fornærma, pårørande og etterlatne ikkje har ankerett.

Ankefristen er på to veker. Den som er fornærma eller krenkt ved ei strafflagd handling, har likevel ikkje rett til å anke straffesaka om han eller ho er misnøgd med dommen i tingretten. 

Kva kan ankast?

Anken kan gjelde

  • bevisvurderinga under skuldspørsmålet 
  • straffeutmålinga 
  • saksbehandlinga 
  • lovbruken

Dersom anken gjeld bevisvurderinga under skuldspørsmålet, må dette presiserast. Dette inneber at retten skal ta stiling til om tiltalte har gjort det som han er tiltalt for eller ikkje. Då skal lagmannsretten vurdere alle sider av saka, dette kallar vi full ankebehandling. Dersom anken gjeld saksbehandlinga, skal du skildre den feilen som du meiner er gjort. Det er også ein fordel om du forklarer kvifor du meiner at dommen er feil. Dersom det er kome inn nye bevis i saka, bør også dette nemnast.

Ikkje alle ankar blir behandla

Lagmannsretten skal vurdere alle ankar, men ikkje alle ankar blir fremja til full ankebehandling i lagmannsretten, sjå straffeprosesslova § 32 (lenkje til lovdata.no). Dersom lagmannsretten nektar å behandle anken, skal han gje ei skriftleg avgjerd der det skal gå fram kvifor anken ikkje vart teken inn til full ankebehandling.

I saker om forhold som etter lova kan medføre fengsel i meir enn seks år, kan anken vanlegvis ikkje nektast behandling. I saker der påstanden frå påtalemakta var idømming av bot, inndraging eller tap av førarkort, og retten ikkje avsa dom for annan straffereaksjon, er utgangspunktet at anken ikkje blir fremja. Likevel kan lagmannsretten samtykkje til å behandle ei slik sak når saklege grunnar talar for det.

I andre saker kan anken avvisast når lagmannsretten finn det klart at han ikkje vil føre fram. Ein anke frå påtalemakta som ikkje er til fordel for sikta, kan avvisast når retten meiner at anken gjeld mindre viktige spørsmål.

Kven skriv anken?

Forsvararen din kan gje deg råd om du bør anke eller ikkje, og kan hjelpe deg med å skrive ankeerklæringa. Du kan også få hjelp til dette i domstolen, hjå påtalemakta eller ein tilsett i fengselet. Ankeerklæringa må underteiknast av deg.

Korleis blir anken handssama?

Meddomsrett

Retten vert sett med to fagdommarar og fem lekdommarar som avgjer spørsmålet om skuld og straff. Det skal vere minst to av kvart kjønn. Fagdommarar og meddommarar er saman om alle avgjerder, og alle stemmer tel likt. Det må vere eit kvalifisert fleirtal blant dei sju for at den tiltalte skal bli dømt skuldig. Det vil seie at minst fem må stemme for domfelling. I tillegg må minst ein av fagdommarane vere blant desse. I motsett fall er tiltalte å rekne som uskuldig og blir frifunnen. Retten må uansett grunngi skuldspørsmålet.

Alle andre avgjerder i saka blir avgjort ved alminneleg fleirtal. Fagdommarar og meddommarar er saman om alle avgjerder.

Avgrensa ankebehandling

Avgrensa ankebehandling vil seie at anken ikkje går på sjølve skuldsspørsmålet. I staden er det straffeutmålinga, saksbehandlinga eller lovbruken som ankast. Retten er samansett slik

Anke over straffeutmålinga i saker med strafferamme på meir enn seks års fengsel: To fagdommarar og fem lekdommarar

Anke over straffeutmålinga i saker med strafferamma på inntil seks år: Tre fagdommarar.

Anke over lovbruk: Tre fagdommarar.

Anke over saksbehandling: Tre fagdommarar.