Ransaking kan gjennomførast hos Tidal Music AS

Høgsteretts kjennelse 28. mars 2019, HR-2019-610-A, (sak nr. 19-010640STR-HRET), straffesak, anke over kjennelse, 

Tidal Music AS (advokat Fredrik Berg) mot Påtalemakta (advokat Henrik Horn)

Dommarar: Webster, Kallerud, Falch, Høgetveit Berg, Lindsetmo 

Økokrim etterforskar ei sak om mogleg databedrageri i form av manipulasjon av talet på avspelingar på Tidals strøymeteneste. Det er snakk om ei såkalla tredjemannsransaking – Tidal er ikkje sikta eller mistenkt. Det Økokrim ønsker tilgang til gjennom ransakinga, er materiale som kan tenkjast å kaste lys over det moglege databedrageriet. 

Datamaterialet ransakinga gjeld, er lagra på serverar i utlandet. Spørsmålet i saka var om norske myndigheiter dermed mangla jurisdiksjon slik at ransaking av den grunn ikkje kunne gjennomførast. 

Høgsterett slo fast at det etter intern norsk rett er heimel for å gjennomføre ei slik ransaking av Tidals datasystem som Økokrim ønsker. Heller ingen folkerettsleg traktat eller sedvane er til hinder for det. 

Høgsterett kom også til at ransaking i eit tilfelle som dette ikkje vil innebere ei krenking av den eksklusive retten for andre statar til å bruke tvang på eige territorium. Her la Høgsterett mellom anna vekt på desse momenta:

  • Avgjerda om ransaking og pålegg om å gi tilgang til datasystem blir sett i verk på norsk territorium – i Tidals kontorlokale i Oslo.
  • Norske domstolar gjer vedtaket, med ivaretaking av alminnelege rettssikkerheitsgarantiar.
  • Materialet blir gjort tilgjengeleg gjennom bruk av tvangsmiddel overfor eit norsk selskap med kontor i Noreg.
  • Ransakinga vil berre gi tilgang til materiale som selskapet sjølv har lagra og sjølv fritt kan hente tilbake frå den utanlandske lagringsstaden.
  • Materialet er lagra på den utanlandske serveren, og ingen endringar blir gjorde i det lagra materialet. 

Avgjerda klargjer retten til å gjennomføre ransaking av datamateriale lagra «i skya». 

Les heile avgjerda

Til toppen