Krav under lisensforsikring

Høgsteretts dom 17. juni 2020, HR-2020-1262-A, (sak nr. 19-148989SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Eyvind Mossige) mot Protector Forsikring ASA (advokat Joachim Dahl Wogstad Skjelsbæk)

Dommarar: Øie, Noer, Kallerud, Falch, Bergh

Høgsterett kom til at ein tidlegare arbeidstakar ikkje hadde krav på utbetaling under ei såkalla lisensforsikring teikna av arbeidsgivaren, fordi forsikringstilfellet ikkje inntrefte i forsikringstida.

Etter ei tolking av forsikringsvilkåra kom Høgsterett til at forsikringstilfellet først inntrefte da legelisensen faktisk blei trekt varig tilbake. Det var ikkje avgjerande at arbeidstakaren var blitt sjukmeld før arbeidsforholdet opphøyrde, og at sjukdommen var så alvorleg at det allereie ved sjukmeldinga kunne vore grunnlag for å trekke lisensen tilbake.

Forsikringstilfellet inntrefte derfor omkring sju månader etter at arbeidsforholdet opphøyrde. Da var forsikringstida utløpt, jf. forsikringsavtalelova § 19-6, som forlenger forsikringstida i to månader etter opphøyr av arbeidsforholdet.

Høgsterett kom vidare til at det ikkje var grunnlag for avtalerevisjon etter avtalelova § 36. Ein slik revisjon ville her ha resultert i ei ganske betydeleg utviding av forsikringsdekninga, noko dei konkrete omstenda ikkje gav grunnlag for.

Dommen gir rettleiing om korleis forsikringsavtalar generelt og lisensforsikringsavtalar spesielt skal fortolkast.

Les heile avgjerda her.

Til toppen