Domsmyndigheit etter Luganokonvensjonen artikkel 11 nr. 2

Høgsteretts orskurd 24. juni 2020, HR-2020-1328-A, (sak nr. 19-151103SIV-HRET) og (sak nr. 19-151228SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

1.
Marship MPP GmbH Co. KG, A Line Corporation Trust Company Complex (advokat Andreas Stang Lund) mot Assuranceforeningen Gard – gjensidig (advokat Herman Steen)

2.
Marship MPP GmbH Co. KG, A Line Corporation Trust Company Complex (advokat Andreas Stang Lund) mot Stolt-Nielsen B.V., Stolt Tankers B.V., Stolt Commitment B.V. (advokat Herman Steen)

Dommarar: Møse, Normann, Noer, Bergsjø, Høgetveit Berg

Lagmannsretten hadde avvist eit søksmål frå utanlandske selskap mot eit norsk forsikringsselskap fordi saka ikkje kunne reisast i Noreg. Høgsterett kom til at lagmannsretten hadde tolka Luganokonvensjonen artikkel 11 nr. 2 uriktig, og oppheva orskurden i lagmannsretten.

Saka hadde sitt utspring i ein kollisjon i utanlandsk farvatn mellom to skip som var registrerte i utlandet og eigde av utanlandske selskap. Eigarselskapa til det eine skipet fremma ved søksmål i Noreg eit direktekrav mot ansvarsassurandøren til det andre skipet. Spørsmålet var om norske domstolar hadde domsmyndigheit etter Luganokonvensjonen artikkel 11 nr. 2. Etter føresegna er dette avhengig av om «slike direkte søksmål er tillatt» etter retten i det aktuelle landet.

Fleirtalet i Høgsterett kom til at det avgjerande er om direktekrav generelt er tillate. Lagmannsretten hadde lagt til grunn at det måtte gjerast ei konkret vurdering av om det var heimel til å fremme det konkrete kravet mot forsikringsselskapet, og orskurden blei derfor oppheva. Eit mindretal på to dommarar var einig med lagmannsretten.

Avgjerda har betydning for tolkinga av Luganokonvensjonen artikkel 11 nr. 2. 

Les heile avgjerda her.

Til toppen