Gyldigheita av vedtak i Klagenemnda for meirverdiavgift

Høgsteretts dom 4. september 2020, HR-2020-1732-A, (sak nr. 19-191169SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Trysil Fageråsen Eiendom AS (advokat Alexander With) mot Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Simen Skjold Søgaard)

Dommarar: Møse, Matheson, Normann, Arntzen, Høgetveit Berg

Høgsterett kom til at justeringsretten – retten til frådrag for inngåande meirverdiavgift – for den som overtar ei kapitalvare, hadde som føresetnad at overdragaren faktisk hadde oppfylt plikta til å gjere ei samla justering av inngåande avgift.

Eit investeringsselskap kjøpte i 2008 eit hotellbygg under oppføring. Selskapet var på dette tidspunktet ikkje frivillig registrert for utleige av fast eigedom, og salet utløyste plikt for seljaren til å tilbakeføre heile den frådragsførte avgifta. Denne plikta blei ikkje oppfylt. I 2011 ferdigstilte investeringsselskapet hotellet og blei frivillig meirverdiavgiftsregistrert for utleige. Ved utleige av hotellet same år blei hotellet brukt i avgiftspliktig verksemd. Selskapet kravde frådragsført inngåande meirverdiavgift for åra 2011–2013, da hotellet hadde vore utleigd. Skattekontoret gjorde vedtak om etterberekning av den frådragsførte avgifta. Klagen frå selskapet over dette vedtaket førte ikkje fram. Klagenemnda la til grunn at ein justeringsrett hos kjøparen føresette at det faktisk var gjort ei samla justering hos seljaren, og stadfesta etterberekninga av meirverdiavgift som skattekontoret hadde gjort. Høgsterett kom til same resultat som tingretten og lagmannsretten, og anken over gyldigheita av vedtaket i Klagenemnda førte ikkje fram.

Avgjerda gir rettleiing for fortolkinga av justeringsreglane i kapittel 9 i meirverdiavgiftslova og i meirverdiavgiftsforskrifta. 

Les heile avgjerda her.

Til toppen