Hovudentreprenørens innvendingar mot underentreprenørens sluttoppstilling

Høgsteretts dom 31. januar 2020, HR-2020-228-A, (sak nr. 19-132407SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Skanska Norge AS (advokat Asbjørn Lyséll Dølvik), Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg (advokat Nils-Henrik Pettersson), (EBA) (partshjelpar) mot HGT AS (advokat Henrik Garmann), Maskinentreprenørenes Forbund (advokat Arve Martin Bjørnvik) (partshjelpar)

Dommarar: Møse, Matheson, Falkanger, Ringnes, Falch

Skanska Norge AS engasjerte HGT AS som underentreprenør for å gjere grunnarbeid i samband med administrasjonsbygg og verkstad for Bybanen i Bergen. Kontraktsforholdet var regulert av standardkontrakten for underentreprisar – NS 8415. Det oppstod tvist om sluttoppgjeret. Saka for Høgsterett gjaldt forståinga av omgrepet «innsigelser» i kontraktens punkt 33.2. Etter denne må hovudentreprenøren fremje innvendingar mot underentreprenørens sluttoppstilling innan ein preklusiv frist på to månader. Skanska fremja innvendingar innan fristen. Lagmannsretten meinte, under dissens, at Skanskas innvendingar ikkje oppfylte kontraktens krav.

Høgsterett kom til at kravet til «innsigelser» i punkt 33.2 er oppfylt dersom hovudentreprenøren utvitydig tar standpunkt til sluttoppstillinga og nektar for krava. Det er tilstrekkeleg å gje til kjenne usemja utan nærmare grunngjeving. Innvendingane, som gjerne skjer ved oppstillingar av tal, må identifisere kva slags delar av kravsbeløpet i sluttoppstillinga som vert nekta for, og dette må gjerast på ein slik måte at ein normalt forstandig underentreprenør kan forstå kva slags betalingskrav som ikkje vert akseptert.

Ved den konkrete vurderinga var Høgsteretts konklusjon at Skanskas innvendingar, lest i samanheng, oppfylte kontrakten sine krav. I denne samanhengen uttalte Høgsterett at det ikkje kan vere noko i vegen for at det i innvendingane vert opplyst om at krava likevel kan bli akseptert på nærmare vilkår.

Lagmannsrettens dom vart oppheva.

Tilsvarande regulering som i NS 8415 punkt 33.2, er tatt inn i andre standardkontraktar for landentreprise, og Høgsteretts avgjerd klargjer innhaldet av eit kontraktsvilkår som har praktisk betydning innanfor dette området.

Les heile avgjerda

Til toppen