Forelding av forsikringskrav i internasjonal sjøforsikring

Høgsteretts dom 4. februar 2020, HR-2020-257-A, (sak nr. 19-053865SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

I.
Assuranseforeningen SKULD (Gjensidig)
SKULD Mutual Protection and Indemnity Association (Bermuda) Ltd
(advokat Atle Johansen Skaldebø-Rød)

mot

Assuranceforeningen Gard – gjensidig
(advokat Bjarne Andreas Meidell)
(Rettsleg medhjelpar: advokat Stephen Knudtzon)

II.
SwissMarine Services S.A.
(advokat Bjarne Andreas Meidell)
(Rettsleg medhjelpar: advokat Stephen Knudtzon)

mot

Assuranseforeningen SKULD (Gjensidig)
SKULD Mutual Protection and Indemnity Association (Bermuda) Ltd
(advokat Atle Johansen Skaldebø-Rød)

Dommarar: Webster, Normann, Bull, Bergh, Steinsvik

Høgsterett kom til at eit forsikringskrav retta direkte mot forsikringsselskapet ikkje var forelda.

Etter ein kollisjon i ei hamn i Kina i 2007 oppstod det tvist mellom eigaren av skipet og dei skipet var leigd bort til (befraktarane) om ansvaret for kollisjonen. Eigarane meinte årsaka låg i at nokon på befraktarsida hadde vist skipet til ei hamn som ikkje oppfylte eit kontraktsvilkår om at det berre kunne gå til ein «safe port», medan befraktarane hevda at kollisjonen skuldast feil frå los og mannskap. Ein valdgiftsrett kom til at det låg føre brot på «safe port-garantien», og erstatningskravet vart deretter «velta nedover» i ei kjede av befraktarar med likelydande avtalar, til eit selskap som var blitt insolvent. Befraktaren rett over i kjeda kunne då i staden rette erstatningskravet direkte mot det insolvente selskapets ansvarsforsikrar. Denne ansvarsforsikraren hevda derimot at direktekravet var blitt forelda.

For Høgsterett var det spørsmål både om kva slags lovføresegner som i dette tilfellet regulerte foreldingsspørsmålet, og om forelding i så fall hadde funne stad. Høgsterett kom til at slik forsikringsvilkåra var utforma, var det foreldingslova som kom til bruk, og at direktekravet ikkje var forelda.

Dommen gir rettleiing om forelding av sjøforsikringskrav i tilfelle der sjøforsikringsselskapet fullt ut har utnytta forsikringsavtalelova sine moglegheiter til å gjere unntak frå lova sine reglar.

Les heile avgjerda

Til toppen