Erstatningsansvar for ansvarleg søkjar etter plan- og bygningslova

Høgsteretts dom 7. februar 2020, HR-2020-312-A, (sak nr. 19-086589SIV-HRET), sivil sak, anke over dom.

Solem Arkitektur AS
(advokat Gunnar Sørlie)

Arkitektbedriftene i Norge (partshjelpar)
(advokat Steffen Asmundsson)

mot

Tommy Øvsthus Engvik
Henrik Tvervåg
Vibeke Leirfall
Johann Agust Sigurdsson
Geir Rønnich Olsen
Ingvill Engvik Øvsthus
Lisa Marie Fagertun
Linn Okkenhaug Getz
(advokat Dag Herrem)

Dommarar: Webster, Kallerud, Bergsjø, Ringnes, Østensen Berglund

Saka gjaldt krav om erstatning frå kjøparar av fire nybygde bustader i Trondheim. Høgsterett kom til at eit arkitektfirma, som var ansvarleg søkjar for prosjektet, kunne haldast ansvarleg for bustadkjøparane sitt tap.

Arkitektfirmaet hadde ikkje sytt for at oppgåva som ansvarleg prosjekterande for bygningar og installasjonar var ansvarsbunde. Etter overtaking viste det seg at bustadane hadde store manglar. Tak, veggar og terrassar måtte blant anna rivast, og kjøparane vart påført kostnadar opp mot 50 prosent av kjøpesummen. Høgsterett fann at tilsette i arkitektfirmaet på aktlaust vis hadde brote pliktene som ansvarleg søkjar, slik at det fann stad ansvarsgrunnlag. Etter Høgsteretts syn var kjøparane sitt krav også erstatningsrettsleg verna, og dei fekk dermed medhald i at dei hadde krav på erstatning.

Dommen gir rettleiing om ansvarleg søkjars ansvar ved brot på plan- og bygningslova.

Les heile avgjerda

Til toppen