Erstatningssak – fleire krav i same sak

Høgsteretts orskurd 9. januar 2020, HR-2020-35-A, (sak nr. 19-133623SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd.

A, B, C, D (advokat Christian Lundin) mot Hvitserk & Eventyrreiser AS, E (advokat Terje Marthinsen)

Dommarar: Møse, Matheson, Noer, Bull, Arntzen

Dei attlevande etter ein mann som døydde på ein arrangert tur til Kilimanjaro gjekk til sak mot turselskapet og guiden på turen. Dei reiste krav om dom for at selskapet og guiden var erstatningsansvarlege som følgje av dødsfallet. Spørsmålet om utmålinga av erstatninga var ikkje tatt med som ein del av saka.

Spørsmålet for Høgsterett var om dei saksøkte – selskapet og guiden – kunne trekke inn i saka ein påstand om få fastsett storleiken på erstatninga dersom retten kom til at dei var erstatningsansvarlege. Høgsteretts fleirtal kom til at dei hadde rett til dette, jf. tvistelova § 15-1, jf. § 1-3. Eit mindretall på éin dommar kom til motsett resultat.

Saka gir rettleiing for kva som skal til for å kunne trekke inn krav på dom for erstatningsutmålinga i ei sak der saksøkjar har avgrensa påstanden til å gjelde vilkåra for erstatningsansvar. 

Les heile avgjerda

Til toppen