Barnevern: Adopsjon og forholdet til EMK artikkel 8

Høgsteretts orskurd 27. mars 2020, HR-2020-661-S, (sak nr. 00-0000001SIV-HRET), anke over X lagmannsretts avgjerd 12. august 2019

A (advokat Halvard Helle), B (advokat Paal Berg Helland) mot Y kommune (advokat Mette Yvonne Larsen), (Rettsleg medhjelpar: advokat Bendik Falch-Koslung), KS (partshjelpar), (advokat Frode Lauareid)

Møte i saka i medhald av tvistelova § 30-13:
Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Emberland), (Rettsleg medhjelpar: advokat Henriette Lund Busch)

Dommarar: Øie, Matningsdal, Møse, Matheson, Falkanger, Normann, Bull, Kallerud, Ringnes, Bergh, Østensen Berglund

Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten skulle ha gitt samtykke til behandling av ankane frå foreldra over tingrettsdommen om å ta frå dei foreldreansvar og adopsjon. Hovudspørsmålet var om det på bakgrunn av praksis i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), særleg storkammerdom 10. september 2019 Strand Lobben mfl. mot Noreg, kunne ligge føre ei krenking av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 om retten til familieliv dersom tingrettsdommen blei ståande. Høgsterett oppheva avgjerda i lagmannsretten om ikkje å gi samtykke til ankebehandling.

Saka blei behandla av Høgsterett i storkammer saman med to andre barnevernssaker (HR-2020-662-S og HR-2020-663-S). Avgjerda er samrøystes.

Generelle rettslege utgangspunkt
Høgsterett strekar under i avgjerdene at omsynet til det beste for barnet er av overordna betydning i barnevernssaker. Som utgangspunkt må det leggast til grunn at det er best for barnet å bu hos foreldra sine. Det gjeld likevel ikkje alltid. Der det er konflikt mellom interessene til barnet og interessene til foreldra, må myndigheitene gjere ei avveging mellom dei kryssande interessene. I denne balanseringa skal det leggast særleg vekt på omsynet til det beste for barnet.

Høgsterett kom til at det ikkje låg føre nokon motstrid mellom høvesvis praksis frå EMD og dei generelle materielle og prosessuelle prinsippa som skal følgast ved adopsjon etter barnevernlova kapittel 4. Det var dermed ikkje grunnlag for å sette til side reglane i barnevernlova eller å tolke dei innskrenkande. Men dei norske lovføresegnene må praktiserast innanfor dei rammene som følger av EMDs praksis.

Både etter norsk rett og EMK er den overordna målsettinga ved omsorgsovertaking å oppnå gjenforeining av barn og foreldre. Omsorgsovertakinga er i utgangspunktet mellombels. Staten har ei positiv plikt til aktivt å arbeide for at relasjonen mellom barn og foreldre blir oppretthalden, og at dei kan gjenforeinast. Myndigheitene må derfor kontinuerleg følge utviklinga, mellom anna ved konkrete og grundige vurderingar om tilstrekkeleg samvær, med omsyn til både hyppigheit, kvalitet og hjelpetiltak. Og sjølv når gjenforeining ikkje er mogleg, har det ein eigenverdi å bevare familieband dersom det ikkje er til skade for barnet.

Ein kan gå bort frå gjenforeiningsmålsettinga dersom dei biologiske foreldra er særleg ueigna, og foreldra kan ikkje krevje å få sett i verk tiltak som kan skade helsa og utviklinga til barnet. Det same gjeld når det har gått lang tid sidan omsorgsovertakinga, slik at behovet for stabilitet for barnet veg tyngre enn omsynet til gjenforeining. Men i alle desse tilfella må barnevernsmyndigheitene og domstolane, før det eventuelt blir tatt avgjerd om adopsjon, gjere ei konkret avveging, basert på eit solid og oppdatert erfaringsgrunnlag og ei grundig saksbehandling.

Vedtak etter barnevernlova må generelt bygge på eit tilstrekkeleg og oppdatert avgjerdsgrunnlag, innehalde ei balansert og tilstrekkeleg brei avveging og ha ei tilfredsstillande grunngiving. Kva for krav som blir stilte, er avhengig av omstenda i den enkelte saka og kva slags tiltak det er tale om.

Den konkrete saka
Saka gjaldt fråtaking av foreldreansvar og samtykke til adopsjon av eit barn som no er tre år og ni månader. Foreldra, som hadde flytta frå kvarandre før barnet blei født, var fråtatt omsorga, og barnet var i fosterheim. Tingretten stadfesta under dissens adopsjonsvedtaket i fylkesnemnda. Lagmannsretten gav ikkje samtykke til at ankane til lagmannsretten frå foreldra skulle fremmast. Begge foreldra anka til Høgsterett.

I barnevernssaker kan lagmannsretten berre tillate ankebehandling dersom nærmare vilkår er oppfylte. Mellom anna kan ein gi slikt samtykke dersom det er vesentlege svakheiter ved avgjerda eller saksbehandlinga i tingretten (tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav c).

Slik Høgsterett såg det, var det vesentlege svakheiter ved avgjerda og saksbehandlinga i tingretten, slik at avgjerda i lagmannsretten om ikkje å gi samtykke til ankebehandling måtte opphevast. Det var svakheiter ved avgjerdsgrunnlaget til tingretten, særleg knytt til at det var skjedd positive endringar i mors situasjon. Vidare inneheldt grunngivinga ikkje tilstrekkeleg konkrete avvegingar av verdien av kontakt mellom barn og foreldre på lengre sikt, vegne opp mot behovet for adopsjon no. Lagmannsretten skulle dermed ha gitt samtykke til ankebehandling, og avgjerda deira blei oppheva.

Orskurden har betydning for kva materielle og prosessuelle krav som i lys av norsk rett og EMK artikkel 8 gjeld ved adopsjon, og gir særleg rettleiing for krava som i barnevernssaker blir stilte til avgjerdsgrunnlag, avveging og grunngiving i fylkesnemnda og domstolane.

Les heile avgjerda her

Til toppen