Krav til tingretten om oppheving av beslag

Høgsteretts orskurd 3. juni 2020, HR-2020-1154-A, (sak nr. 20-009388STR-HRET), straffesak, anke over orskurd

A (advokat Victoria Holmen) mot Påtalemakta (statsadvokat Peter Andre Johansen)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Kallerud, Ringnes, Høgetveit Berg

Påtalemakta hadde tatt beslag i to e-postar rett før ankeforhandlinga skulle begynne. Den tiltalte sette fram eit krav til tingretten om at beslaget måtte opphevast fordi e-postane inneheldt teiepliktige opplysningar. Tingretten behandla kravet om oppheving som eit krav etter straffeprosesslova § 208. Orskurden blei anka til lagmannsretten, som avviste saka fordi dei meinte at kravet i realiteten gjaldt avskjering av bevis. Lagmannsretten meinte at eit slikt krav måtte settast fram for den dømmande retten.

Ankesaka blei behandla av Høgsterett i avdeling, som fann at lagmannsretten her bygde på ei uriktig forståing av straffeprosesslova. Sjølv om oppheving av beslag får konsekvensar for høvet til å føre det som er beslaglagt, som bevis, er eit krav om oppheving av beslag noko anna enn krav om bevisavskjering. Den som blir ramma av beslag, har under alle stadium av saka – også etter at hovud- eller ankeforhandlinga er påbegynt – rett til å sette fram eit krav til tingretten om oppheving av beslaget, jf. straffeprosesslova § 208. Utan at det var nødvendig for å avgjere saka, føydde Høgsterett til at dersom saksførebuinga er påbegynt ved den dømmande retten, kan partane velje å sette fram eit krav om oppheving av beslag for denne.

Les heile avgjerda her.

Til toppen