Tap av retten til å føre fritidsbåt ved promillekøyring

Høgsteretts dom 25. juni 2020, HR-2020-1331-A, (sak nr. 20-049478STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Anders Morten Brosveet) mot Påtalemakta (statsadvokat Birgitte Istad)

Dommarar: Indreberg, Bull, Kallerud, Ringnes, Steinsvik

Ein 32 år gammal mann var dømd til å betale ei bot på 6 000 kroner for å ha køyrt fritidsbåt med ein alkoholpromille i blodet på 1,0. Lagmannsretten hadde i tillegg fastsett tap av retten til å føre fritidsbåt for ein periode på eitt år.

Anken over tapet av føreretten førte ikkje fram.

Høgsterett la til grunn at ved straff for brot på småbåtlova § 33 om føring av fritidsbåt med promille over den fastsette promillegrensa på 0,8 er den klare hovudregelen at det også inneber tap av førerett i minst eitt år.

Dommen klargjer vilkåra for tap av førerett i småbåtlova § 28 a.

Les heile avgjerda her.

Til toppen