Straffutmåling ved ulovleg bygging og terrenginngrep i strandsona

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1353-A, (sak nr. 19-158426STR-HRET), straffesak, anke over dom

I.
A (advokat Anders Morten Brosveet), PS Anlegg AS (advokat Erik Eriksen), B (advokat Halvard Helle) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland)

II.
Påtalemakta (førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland) mot A (advokat Anders Morten Brosveet), B (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Møse, Noer, Bull, Ringnes, Arntzen

Eigaren av ein eigedom som ligg i 100-metersbeltet langs sjøen, hadde søkt og fått godkjent bygging av ei ny hytte med kjellar. Etter at søknaden var godkjend, blei det utan søknad og godkjenning sprengt og grave ut større kjellar, anlagt underjordisk passasje mellom hytta og eit anneks, opparbeidd ein voll mot ein tilstøytande grusveg, anlagt veg og sett opp ein bom. Nokre år seinare blei det anlagt tennisbane, også denne utan søknad til og godkjenning frå bygningsmyndigheitene.

Straffeføresegna i plan- og bygningslova § 32-9 rammar vesentlege brot på plan- og bygningslova. Tredje ledd i paragrafen set opp strafferamma til fengsel inntil 2 år for grove brot. Høgsterett viste til at plan- og bygningslova er ei miljølov, og at både denne lova og utviklinga i miljølovgivinga generelt viser at lovgivaren ser strengt på miljøkriminalitet. Dette er også lagt til grunn i Høgsteretts praksis. Allmennpreventive omsyn veg tungt ved straffutmålinga.

I denne saka hadde dei tiltalte med forsett og grovt aktlaust tatt seg til rette og iverksett fleire tiltak som var vesentlege og grove. Eigaren sikra seg ein verdiauke på eigedommen, og strandsona blei privatisert som følge av tiltaka. Det var ikkje formildande at terrenginngrepa utandørs seinare var tilbakeførte, og at kommunen i ettertid har godkjent kjellaren. Lagmannsretten hadde sett straffa for tiltakshavaren og dagleg leiar hos entreprenøren til fengsel i 45 dagar, av dei 24 dagar på vilkår.

Høgsterett kom til at straffa for begge måtte skjerpast, og dømde dei til fengsel i 45 dagar.

Saka reiste også spørsmål om straffeansvaret hos ein underentreprenør for brot på plan- og bygningslova. Høgsterett uttalte at underentreprenøren for å komme i ansvar må ha ei særleg oppfordring til å undersøke om nødvendige løyve er gitt. Etter ei konkret vurdering kom Høgsterett til at tilsette hos underentreprenøren hadde handla grovt aktlaust.

Dommen gir rettleiing for bruken av plan- og bygningslova § 32-9 og for straffutmåling ved ulovlege tiltak i strandsona. Dommen klargjer også det strafferettslege ansvaret hos underentreprenøren for brot på plan- og bygningslova.

Les heile avgjerda her.

Til toppen