Brot på meirverdiavgiftslova

Høgsteretts dom 31. januar 2020, HR-2020-229-A, (sak nr. 19-134944STR-HRET), straffesak, anke over dom.

A (advokat Knut Henrik Boehlke) mot Påtalemakta (statsadvokat Per Egil Volledal)

Dommarar: Møse, Falkanger, Arntzen, Falch, Thyness

Høgsterett oppheva ei straffedom for meirverdiavgiftsunndraging fordi forsettskravet var nytta feil.

Høgsterett kom til at under den tidlegere meirverdiavgiftslova § 21-4, var villfaring om avgiftsplikta å rekne som situasjonsvillfaring, ikkje som rettsvillfaring. På den måten var aktlause knytt til avgiftsplikta ikkje tilstrekkeleg for domfelling, slik lagmannsretten hadde lagt til grunn.

Høgsterett tok ikkje stilling til om det same gjeld i dag, etter at straffeføresegna er flytta til straffelova.

Les heile avgjerda

Til toppen