Inndragingssak mot eigaren av eit fiskefartøy

Høgsteretts orskurd 31. mars 2020, HR-2020-710-A, (sak nr. 19-166502STR-HRET), straffesak, anke over orskurd 

Osprey (PD357) Limited (advokat Tor Henning Rustan Knudsen) mot Påtalemakta (førstestatsadvokat Lars Fause og statsadvokat Tore Kulstad)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Normann, Arntzen, Steinsvik

Saka gjeld verdiinndraging hos eigaren av eit fiskefartøy.

Spørsmålet er om det i straffelova § 74 første ledd er stilt eit vilkår for å reise inndragingssak mot eigaren om at det tidlegare er tatt gyldig beslag i tingen – eventuelt stilt sikkerheit i staden for beslag. Føresegna føreset at inndraginga gjeld beslaglagt utbytte eller ting som ikkje høyrer lovbrytaren til, alternativt verdiinndraging der tingen er fritatt for beslag på grunn av sikkerheitsstilling. Føresetnaden om beslag eller sikkerheitsstilling har samanheng med unntaket i andre ledd i føresegna, om at inndragingssak kan rettast mot lovbrytaren eller innehavaren der eigaren er ukjend eller utan kjend opphaldsstad i Noreg. Første ledd gir ingen tilstrekkelege haldepunkt for i kva situasjonar ei inndragingssak kan reisast mot eigaren.

Anken over orskurden i lagmannsretten om at inndragingssaka kunne fremmast mot fartøyeigaren, blei forkasta.

Les heile avgjerda her.

Til toppen