Erstatningskrav etter offentleg anskaffing – Fosen-Linjen-saka

Høgsteretts dom 27. september 2019, HR-2019-1801-A, (sak nr. 18-77187SIV-HRET), sivil sak, anke over dom. 

I.
AtB AS (advokat Goud Helge Homme Fjellheim) (Rettsleg medhjelpar: advokat Anne Hesjedal Sending) mot Fosen-Linjen AS (advokat Anders Tholfsen Thue) (Rettsleg medhjelpar: advokat Christian Henrik Prahl Reusch), Næringslivets Hovedorganisasjon (advokat Morten Goller) (partshjelpar)

II.
Fosen-Linjen AS (advokat Anders Tholfsen Thue) (Rettsleg medhjelpar: advokat Christian Henrik Prahl Reusch), Næringslivets Hovedorganisasjon (advokat Morten Goller) (partshjelpar) mot AtB AS (advokat Goud Helge Homme Fjellheim) (Rettsleg medhjelpar: advokat Anne Hesjedal Sending)

Deltaking etter tvistelova § 30-13:
Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Helge Røstum

Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Bull, Kallerud

Høgsterett frifann oppdragsgjevaren for krav om erstatning av fortenestetap, men domfelte for kravet om å få dekka tilbodskostnadane. 

Oppdragsgjevar hadde lyst ut ein konkurranse om ferjetenester. Etter kontraktstildelinga reiste ein av dei tapande tilbydarande krav om mellombels åtgjerd for å stanse kontraktsinngåinga. Dette fekk tilbydaren medhald i, noko som førte til at oppdragsgjevar avlyste konkurransen. Fosen-Linjen meinte det var feil at konkurransen vart avlyst og at dei ville ha vunne konkurransen om den hadde blitt gjennomført. Høgsterett fann at avlysinga var rettmessig, men at eitt av tildelingsvilkåra ikkje var utforma på ein lovleg måte. Dette var eit «tilstrekkelig kvalifisert brudd» på regelverket som innebar at oppdragsgjevaren måtte dekke tilbydaren sine tilbodskostnadar. 

Dommen klargjer ansvarsnorma ved erstatningskrav for tilbodskostnadar. Den gir vidare rettleiing for vurderinga av om det er sakleg grunn til å avlyse ein anskaffingskonkurranse. 

Ein dommar hadde ein særmerknad. 

Les heile avgjerda

Til toppen