Vikar har krav på same reisetidsgodtgjering

Høgsterettsdom 4. juni 2018 HR-2018-1037-A, (sak nr. 2017/206), sivil sak, anke over dom, Manpower AS (advokat Eva Schei) mot Raymond Venås (advokat Vetle W. Rasmussen)

Dommarar: Kallerud, Sverdrup, Arntzen, Webster, Indreberg

Ein vikar frå Manpower AS blei leigd ut til Statens vegvesen. Arbeidsstaden var Tønsberg trafikkstasjon, men han skulle, på same måte som dei fast tilsette ved trafikkstasjonen, enkelte dagar arbeide i Larvik.

Dei fast tilsette ved trafikkstasjonen fekk godtgjering for reisetida dei dagane dei arbeidde i Larvik. Vikaren blei nekta denne godtgjeringa under tilvising til at ytinga ikkje er omfatta av likebehandlingsregelen i tenestemannslova § 3B nr. 1. 

Som tingretten og lagmannsretten kom Høgsterett til at vikaren hadde krav på den same reisetidsgodtgjeringa som dei fast tilsette.

Høgsterett viste mellom anna til at forarbeida legg opp til eit relativt vidt bruksområde for likebehandlingsregelen, og at ein ikkje ville nå formålet om reell likebehandling dersom ei slik reisetidsgodtgjering ikkje var omfatta. 

Avgjerda klargjer forståinga av likebehandlingsregelen i tenestemannslova § 3B nr. 1.

Den likelydande føresegna i arbeidsmiljølova § 14-12 a er no gjord gjeldande også for arbeidstakarar i staten.

Les heile avgjerda

Til toppen