Døme på saksgang med bilete

Nedanfor er ein biletserie med kommentarar som litt forenkla kan illustrere bakgrunnen for ei jordskiftesak og korleis ho kan løysast. Merk at gangen i ei jordskiftesak vil variere sterkt frå sakstype til sakstype.

1. Uklare eigedomsforholdIllustrasjon uklare eigedomsforhold

Alle eigedomar er eit avgrensa areal på jordoverflata. Eigedomane er avgrensa av eigedomsgrenser. Gamle eigedomsgrenser følgjer ofte terrengformasjonar eller menneskeskapte skilje, som til dømes steingjerde. Når steingjerde blir haldne ved like, er det ikkje tvil om kvar grensa går.

Eigedomsgrenser i tidlegare tider var ofte avmerkte i marka til dømesIllustrasjon uklar eigedomsgrense ved innhogde kors i tre (biletet), nedsette grensesteinar med vitnesteinar, kors hogde i fjell. Mange av de gamle grensemerka kan finnast att i dag, medan andre er forsvunne.

Når grensemerke ikkje finst og det ikkje er gjeve nøyaktige opplysningar i dokument om eigedomsgrenser, prøver grunneigarane å bli samde på minneleg vis om kvar grensa går.

 

2. Sak hjå jordskifteretten

Grunneigarar som er usikre på kvar grensa går, vel ofte å krevje sak ved jordskifteretten for å få henne klarlagd. Dei startar då gjerne med å ringje eller besøke jordskifterettens kontor. Det blir gjeve rettleiing for blant anna utfylling av kravsskjema.

Etter jordskifteretten har motteke utfylt krav, blir det sendt ut melding til naboar og andre som saka får følgjer for. Det er ei viss ventetid for å få opp saker ved jordskifterettane. Innkalling til rettsmøte blir sendt ut skriftleg minst tre veker på førehand. Talet på partar kan variere frå to til fleire hundre.

3. Rettsmøte

Illustrasjon rettsmøte

Rettsmøte blir ofte sette på kommunehus i nærleiken av saka. Retten kan setjast med ein jordskiftedommar som einaste dommer i saka, eller med ein jordskiftedommar og to meddommarar. Retten settes med meddommarar dersom minst éin av partene krev det eller jordskiftedommeren meiner det er nødvendig.

Dokument (bevis) som partane legg fram, blir granska av retten og partane. Gamle kart som inneheld aktuelle opplysningar, kan vere viktige bevis i ei jordskiftesak.

Under rettsmøtet er det vanlegvis synfaring, så jordskifteretten kan gjere seg kjent og partane får orientere om synspunkta sine ute i terrenget. Illustrasjon synfaring i felt

Alle partar kjem til orde, dei påviser grensemerke i marka, fortel om tidlegare utnytting av området og anna. Partar legg også fram sitt syn om til dømes kvar dei meiner eigedomsgrensa går.

 

 

4. Teknisk arbeid - inne og uteIllustrasjon GPS-måling

Gamle grensemerke, detaljar i marka og påstandar frå partane blir målt inn av tekniske utgreiarar. Dette blir i stor grad gjort ved hjelp av GPS-utstyr.

Jordskifterettane nyttar avansert teknisk utstyr. GPS-setta kombinerer digital kartbehandling og grensemerking på ein unik måte, som gjer at produksjonsløypa frå måling i marka til presentasjon på kart er enkel, effektiv og nøyaktig. Målingane skjer med millimeterpresisjon.

Utgreiarane som utfører det tekniske arbeidet, har svært god kompetanse. Både innanfor tekniske fag, og juss- og jordskiftefag. Dei utfører arbeidet sitt svært nøyaktig og effektivt.

Jordskiftesaker kan gå ut på å byte heile eller delar av ein eigedom. Alt areal som skal gå i byte, må verdsetjast.Illustrasjon måling av skogstilvekst

Årsaka til at areal blir verdsette, er "ikkje-tapsgarantien" i jordskiftesaker, det vil seie at ingen skal lide tap som følgje av jordskiftet, sjå jordskiftelova § 3-18.

Bonitering utgjer ein del av verdsetjingsarbeidet. Måling av tilvekst i skog fortel mykje om kvaliteten på jordsmonnet. Dette arbeidet blir gjort av jordskifteretten i barmarkssesongen.

Etter innhenting av data frå registreringar i marka, må all data handterast inne.

Blant anna skal boniteringa som viser produksjonsevna i marka, setjast inn i økonomiske storleikar (verdsetjast). Jordskifteretten bruker verdsetjingsfagleg skjønn, saman med registreringane i marka for å verdsetje grunn, skog, jakt og andre verdiar i eit område.

I tradisjonelle jordskiftesaker, der areal går i byte, skal det lagast ein skifterekneskap som viser innehavet til kvar enkelt eigar. 

5. Skifteplanløysing

I tradisjonelle jordskiftesaker utarbeider jordskifteretten fleire forslag til ny eigedoms- og rettsutforming. Forslaga blir presenterte i rettsmøte der partane kan uttale seg til forslaga.Illustrasjon skifteplanlegging

Jordskifteretten vedtek det forslaget som blir vurdert som mest tenleg for å løyse problema i området. Vedtaket blir teke inn i rettsboka på tilsvarande måte som for ein dom. 

Skifteplanen fører ofte til nye eigedomsgrenser. Grensemerka blir sette og merkte i marka av personale ved jordskifteretten. Grensene blir varig merkte med metallmerke som blir bora ned i fjell/stein eller feste djupt ned i bakken.Illustrasjon grensemerking

Partane blir vanlegvis inviterte med for å delta i arbeidet med grensemerkinga. Det blir ofte opplevd som sosialt og godt bidrag til ein framtidig god naboskap. 

 

6. Utarbeiding av kart og grenseskildringIllustrasjon nytt kart

Etter at arbeidet med utsetjing og innmåling av eigedomsgrensene er utført, lagar jordskifteretten eit jordskiftekart med nye grenser påteikna.  

Grensemerka blir dessutan skildra med koordinatar, sånn at bortkomne grensemerke i framtida kan setjast ut nøyaktig der dei var sette ned.

7. Avslutting av sakaIllustrasjon kart

Kartet, rettsboka (som inneheld alle dommar, vedtak, grenseskildring med meir) og grensemerka ute i terrenget er sluttproduktet frå ei jordskiftesak.

Jordskifteretten forkynner både kart og rettsbok til alle involverte partar. I tillegg syter jordskifteretten for at saka blir tinglyst på eigedomane.

 Illustrasjon grensemerke

Prosessen i jordskiftesaker er tilrettelagd, slik at det ikkje skal vere behov for advokat. Undervegs i saka får partane informasjon frå jordskiftedommaren, blant anna om retten til å anke til lagmannsrett eller jordskifteoverrett.

Etter at jordskifteretten har hatt saka, treng ingen å vere i tvil om grensa. Jordskifteretten har løyst problemet, grensemerka er på plass og dokumenta er tinglyste.

 

Til toppen