Koronatiltak

Regjeringa varsla fredag 24. september at alle koronatiltak opphøyrer frå laurdag 25. september kl 16.00. Dermed opphøyrer også alle koronatiltak i Noregs domstolar.

Dette inneber at frå måndag 27. september blir det normal drift. Tilhøyrarar har igjen tilgang til opne rettsmøte. Det er ikkje lenger nødvendig å halde ein meters avstand til andre til ei kvar tid, og det er ikkje nødvendig å bruke munnbind. 

Regjeringa understrekar at pandemien ikkje er over. Kommunane kan framleis vedta lokale tiltak, som domstolane i så fall må følge. 

Dei generelle råda for å førebygge smitte gjeld framleis for kvar enkelt av oss:

  • Vask hendene ofte
  • Host i eit lommetørkle eller i olbogekroken
  • Hald deg heime dersom du er sjuk 

I tillegg gjeld også dette:

  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, bør du framleis teste deg. Det gjeld også vaksinerte.  
  • Om du blir smitta med korona, må du isolere deg for å unngå å smitte andre. Det vil ikkje vere ei oppmoding, men ein regel som du kan få bot for å bryte.
  • Uvaksinerte som bur saman med ein som er blitt smitta, blir oppmoda om å teste seg og halde seg heime til han/ho får negativt resultat. Dette gjeld uavhengig av om ein får symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test

Spørsmål?

Til toppen