Justeringskrav etter meirverdiavgiftslova

Høgsteretts orskurd 28. mai 2020, HR-2020-1129-A, (sak nr. 19-168837SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

REC Wafer Norway AS’ konkursbu (advokat Andreas Stang Lund) mot
Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Arne Johan Dahl)

Dommarar: Øie, Falkanger, Bergsjø, Arntzen, Bergh

Eit selskap investerte betydelege midlar i ein eigedom i Nordland for å utvikle han til eit produksjonsanlegg. Selskapet fekk frådrag for inngåande meirverdiavgift, men gjekk seinare konkurs. Konkursbuet selde eigedommen eit års tid etter konkursopninga, noko som utløyste eit justeringskrav etter meirverdiavgiftslova § 9-2 tredje ledd. Spørsmålet var om justeringskravet skulle godkjennast som ei massefordring i buet etter dekningslova § 9-2.

Fleirtalet på tre dommarar var einig med lagmannsretten i at slike justeringskrav må godkjennast som massefordringar, og anken frå konkursbuet blei forkasta. Fleirtalet la til grunn at denne typen justeringskrav oppstår når buet sel eigedommen, og at buet er ansvarleg for justeringsforpliktinga. To dommarar var ueinige og stemde for at orskurden i lagmannsretten skulle opphevast, men med noko ulik grunngiving.

Orskurden gir rettleiing om massefordringar i konkurs og justeringskrav etter meirverdiavgiftslova. 

Les heile avgjerda her.

Til toppen