Bruk av armlengdeprinsippet i skattelova § 13-1 på kostnader til forsking og utvikling (FoU) i konsernforhold

Høgsteretts dom 28. mai 2020, HR-2020-1130-A, (sak nr. 19-177162SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A/S Norske Shell (advokat Jan Birger Jansen) mot Staten v/Oljeskattekontoret
(Regjeringsadvokaten v/advokat Anders Flaatin Wilhelmsen)

Dommarar: Matningsdal, Normann, Bull, Arntzen, Bergh

Høgsterett kom til at rettsbruken til Klagenemnda for petroleumsskatt var uriktig når det gjaldt storleiken på dei FoU-kostnadene eit norsk selskap etter vedtaket i nemnda skulle ha fordelt på konsernselskap internasjonalt.

A/S Norske Shell driv petroleumsverksemd på norsk sokkel. Ved dommen i lagmannsretten var det rettskraftig avgjort at det etter skattelova § 13-1 er grunnlag for eit skjønnsmessig tillegg til inntekta til selskapet bygd på at kostnader til forsking og utvikling i Noreg skulle vore fordelte innanfor konsernet.

Det følger av skattelova § 13-1 tredje ledd at det ved den skjønnsmessige fastsettinga skal takast omsyn til OECDs retningslinjer om internprising. Klagenemnda hadde riktig bygd på at det her var tale om ei kostnadsbidragsordning. Inntektsfastsettinga måtte da skje i samsvar med det som følger av OECD-retningslinjene når det gjeld slike ordningar. Høgsterett kom til at inntektstillegget ikkje kunne omfatte den delen av FoU-kostnadene som var belasta A/S Norske Shells lisenspartnarar på norsk sokkel. 

Les heile avgjerda her.

 

Til toppen