Tilbakekrevjing av for mykje utbetalt uførepensjon

Høgsteretts dom 8. juni 2020, HR-2020-1194-A, (sak nr. 19-186097SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Olav Lægreid) mot Staten v/Statens pensjonskasse (Regjeringsadvokaten v/advokat Hilde Ruus)

Dommarar: Møse, Normann, Bergsjø, Arntzen, Thyness

Saka gjeld gyldigheita av ein orskurd i Trygderetten om tilbakekrevjing av for mykje utbetalt uførepensjon frå Statens pensjonskasse på grunn av manglande samordning med uførepensjon etter folketrygdlova etterbetalt av Nav, jf. samordningslova § 29 nr. 1 og nr. 2 tredje punktum.

Nav hadde gjort ein samordningsfeil i 2009 ved ikkje å gjere frådrag for refusjonskravet frå Statens pensjonskasse i etterbetalinga av uførepensjon. Det var einigheit om at mottakaren burde ha forstått at det skulle vore gjort eit slikt frådrag.

Høgsterett var einig med staten i at det ikkje er eit vilkår etter § 29 at samordningsfeilen omtalt i nr. 2 tredje punktum må vere gjord av den same ordninga som har lidt tapet etter nr. 1. Vilkåra for å krevje tilbakebetaling var derfor til stades.

Spørsmålet var dernest om mottakaren, som hadde utvist simpel aktløyse, kunne gjere gjeldande den ulovfesta skulddelingsregelen, slik at tilbakebetalingsbeløpet blir sett ned. Høgsterett fann at det ikkje kunne stillast eit vilkår om at aktløysa hos mottakaren berre ligg i det nedre sjiktet av simpel aktløyse. Høgsterett meinte vidare at momenta i skulddelingsregelen i folketrygdlova, jf. § 22-15 fjerde ledd, burde brukast tilsvarande ved avgjerda av tilbakekrevjingskrav etter samordningslova.

Trygderetten hadde ikkje gjort ei tilstrekkeleg brei vurdering av skulddelingsspørsmålet, og orskurden blei kjend ugyldig.

Høgsteretts dom avklarer innhaldet i den ulovfesta skulddelingsregelen.

Les heile avgjerda her.

Til toppen