Avvisning av krav om gjenopning

Høgsteretts orskurd 9. juni 2020, HR-2020-1201-A, (sak nr. 20-007980SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

A (advokat Gisken Elisabeth Brungot) mot X kommune (X kommune v/advokat Øyvind Grødal), B, C (advokat Mette Yvonne Larsen)

Dommarar: Indreberg, Kallerud, Ringnes, Arntzen, Steinsvik

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har i storkammerdom 10. september 2019 i saka Strand Lobben med fleire mot Noreg slått fast at behandlinga i tingretten av saka om fråtaking av foreldreansvar og samtykke til adopsjon av den biologiske sonen til klagaren (A) krenkte rettane klagaren har etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8.

Høgsteretts ankeutval hadde i 2012 forkasta As anke over at lagmannsretten nekta å gi samtykke til å behandle anken over tingrettsdommen i adopsjonssaka. A har kravd denne orskurden gjenopna og har også sett fram eit parallelt krav om gjenopning av tingrettsdommen.

Høgsterett kom til at kravet om gjenopning av orskurden i Høgsteretts ankeutval må avvisast. Grunnen er at EMDs kritikk ikkje gjeld behandlinga i Høgsteretts ankeutval, men rettar seg mot grunngivinga og avgjerdsgrunnlaget til tingretten. Avvisinga inneber at det er tingretten som skal behandle kravet om gjenopning.

Avgjerda avklarer korleis ein skal forstå tvistelova § 31-3 bokstav d jf. § 31-2 tredje ledd. Avgjerda inneheld også ei drøfting av forholdet til EMK artikkel 46. 

Les heile avgjerda her

Til toppen