Forholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakarar ved verksemdsoverdraging

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1339-A, (sak nr. 19-152294SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

I.
ISS Facility Services AS, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) (partshjelpar) (advokat Kurt Weltzien), Arbeidsgiverforeningen Spekter (partshjelpar) (advokat Tarjei Thorkildsen) mot Oløf Gunnlaugsdottir mfl. (advokat Alexander Salvatore Cascio), Norsk Tjenestemannslag (partshjelpar) (advokat Edvard Bakke) 

II.
Oløf Gunnlaugsdottir mfl. (advokat Alexander Salvatore Cascio), Norsk Tjenestemannslag (partshjelpar) (advokat Edvard Bakke) mot ISS Facility Services AS, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) (partshjelpar) (advokat Kurt Weltzien), Arbeidsgiverforeningen Spekter (partshjelpar) (advokat Tarjei Thorkildsen)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Arntzen, Høgetveit Berg, Thyness

Staten bestemte i 2016 at reinhaldet av Forsvarets bygningsmasse skulle leggast ut på anbod. ISS Facility Services AS blei tildelt oppdraget, og overtok i samsvar med reglane om verksemdsoverdraging i arbeidsmiljølova § 16-2 som arbeidsgivar for 209 reinhaldarar som tidlegare hadde vore tilsette i Forsvarsbygg.

Tvisten for Høgsterett gjaldt om dei overførte tilsette etter verksemdsoverdraginga beheldt oppseiingsfristane etter reglane for statstilsette, og om dei framleis hadde rett til særalderspensjon knytt til særskilde aldersgrenser for stillingane og til avtalefesta pensjon etter reglane for tilsette i staten.

Høgsterett kom til at tilvisinga til oppseiingsfristar for statstilsette i lov inngjekk i arbeidsavtalane og gjaldt vidare i forholdet mellom arbeidstakarane og den nye arbeidsgivaren etter verksemdsovertakinga.

Høgsterett kom vidare til at reglane i arbeidsmiljølova § 16-2 tredje ledd, som gir den nye arbeidsgivaren høve til å erstatte pensjonsordninga hos den tidlegare arbeidsgivaren med pensjonsordninga til den nye arbeidsgivaren, omfatta både særalderspensjon og AFP i staten.

Dommen gir rettleiing om kva rettar som inngår i tilsettingsavtalar, og om reglane om kollektiv tenestepensjon ved verksemdsoverdraging.

Les heile avgjerda her.

Til toppen