Barnevern. Tilbakeføring etter omsorgsovertaking

Barnevern. Tilbakeføring etter omsorgsovertaking

Høgsteretts dom 15. september 2020, HR-2020-1788-A, (sak nr. 20-035781SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A, B (advokat Mehvish Taj Haider) mot X kommune (advokat Mette Yvonne Larsen) (Rettsleg medhjelpar: advokat Bendik Falch-Koslung)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Ringnes, Østensen Berglund, Steinsvik

Saka gjaldt forståinga av barnevernlova § 4-21 og oppheving av eit vedtak om omsorgsovertaking for eit barn på seks år. Saka reiste særleg spørsmål om tilknytinga barnet hadde til fosterheimen, var til hinder for ei tilbakeføring til dei biologiske foreldra. 

Høgsterett kom til at tilbakeføring ikkje kunne skje på noverande tidspunkt. Saka blei behandla i samanheng med HR-2020-1789-A, som blei avgjord same dag. 

Ved avgjerda la Høgsterett til grunn prinsippa for behandling av barnevernssaker, som det er gjort inngåande greie for i Høgsteretts storkammeravgjerder frå mars 2020. Utgangspunktet er at barn skal vekse opp hos sine biologiske foreldre, og at ei omsorgsovertaking skal vere mellombels. Etter barnevernlova § 4-21 er hovudregelen at eit barn skal tilbakeførast når det er «overveiende sannsynlig at foreldrene kan yte forsvarlig omsorg». Det er gjort eit unntak for tilfelle der tilknytinga til den noverande omsorgsbasen inneber at ei tilbakeføring kan føre til alvorlege problem for barnet. Høgsterett kom til at barnevernlova § 4-21 er i samsvar med Grunnlova og Noregs internasjonale forpliktingar. Det blei trekt fram at det beste for barnet står sentralt også i praksis frå Den europeiske menneskerettsdomstolen. Dersom tilbakeføring ikkje kan skje, må ei utførleg grunngiving vise at det er tatt ei balansert avgjerd på eit forsvarleg grunnlag, og gjenforeiningsmålet må særleg omtalast. 

Høgsterett la til grunn at dei biologiske foreldra no hadde alminneleg god omsorgsevne. Barnet var velfungerande, men ettersom ho hadde vore utsett for fleire relasjonsbrot og omsorgssvikt i tidleg alder, var ho særleg sårbar for eit brot med fosterheimen. Dette var grundig belyst gjennom fleire sakkunnigvurderingar. Som følge av den sterke tilknytinga barnet hadde til fosterforeldra etter fire år i fosterheim, ville tilbakeføring krevje eit nært samarbeid mellom dei biologiske foreldra, fosterforeldra og barnevernet, men det usedvanleg høge konfrontasjonsnivået i saka tilsa at dei biologiske foreldra verken evna eller ville bidra til dette. Høgsterett meinte derfor at dei biologiske foreldra ikkje kunne ta vare på dei særskilde behova til barnet ved ei tilbakeføring no. Det blei grunngitt nærmare kvifor det likevel er mogleg å nå gjenforeiningsmålet seinare. Lagmannsretten hadde fastsett eit samvær som innebar ei opptrapping til tolv samvær av åtte timar frå og med 2021. Høgsterett meinte dette i tilstrekkeleg grad balanserte omsyna til gjenforeining og behovet barnet hadde for stabilitet i kvardagen. Anken blei forkasta. 

Saka gir rettleiing om forståinga av barnevernlova § 4-21.

Les heile avgjerda her.

Til toppen