Vilkår for å opne jordskiftesak

Høgsteretts dom 6. oktober 2020, HR-2020-1910-A, (sak nr. 20-040353SIV-HRET)

Laila Skarheim Moen (advokat Aslak Runde) mot Tone Harvold, Tor Egil Oterholm (advokat Christian Schadenberg Mathiassen)

Dommarar: Indreberg, Webster, Bull, Arntzen, Falch

Høgsterett forkasta anken over ei jordskifteavgjerd.

Jordskiftet var fremma for å gi eit gardsbruk eit tilleggsareal for utviding av ein driftsbygning. Saka reiste to spørsmål. Det første var om ein ved vurderinga av om ein eigedom er «vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tida og tilhøva», berre kan ta i betraktning den bruken som eigedommen sjølv gir ressursgrunnlag for, eller om også andre innsatsfaktorar kan telje med ‒ i dette tilfellet ressursar frå leigejord som gjorde det mogleg å drive ei større verksemd enn det den eksisterande driftsbygningen gav plass til. Høgsterett var einig med lagmannsretten i at ein kunne ta i betraktning ressursane frå leigejorda.

For det andre var det spørsmål om det er tilstrekkeleg for å fremme ei jordskiftesak at jordskiftet vil gi ei meir tenleg løysing enn det som noverande eigedomsutforming gjer mogleg, eller om det også gjeld ein terskel for kor utenleg dagens eigedom må vere før det kan opnast jordskifte. Høgsterett kom til at det må krevjast eit reelt og påviseleg behov for å unytte eigedommen på ein måte som blir vanskeleggjord med den noverande eigedomsutforminga, men at lagmannsretten hadde påvist eit slikt behov.

Dommen gir rettleiing om vilkåra for å opne ei jordskiftesak.

Les heile avgjerda her.

Til toppen