Sametingets rett til å erklære representativ partshjelp

Høgsteretts orskurd 14. oktober 2020, HR-2020-1956-A, (sak nr. 19-183958SIV-HRET) og (sak nr. 19-183965SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

Sámediggi/Sametinget (advokat Joakim Bakke-Nielsen) (Rettsleg medhjelpar: advokat John Gjermund Flatabø), A, B (advokat Sicilie Kristin Kanebog) mot X kommune (advokat Roald Angell)

Dommarar: Øie, Indreberg, Matheson, Ringnes, Steinsvik

To samiske kvinner hadde reist sak mot kommunen dei voks opp i, med krav om erstatning for at barnevernet ikkje hadde følgt dei opp da dei var barn. For lagmannsretten erklærte Sametinget partshjelp etter tvistelova § 15-7 første ledd bokstav b om representativ partshjelp. Lagmannsretten tillét ikkje partshjelpa.

Høgsterett kom til at Sametinget få opptre som partshjelpar.

Sametinget fall inn under kretsen av offentlege organ som kan erklære representativ partshjelp, som eit organ med oppgåve å fremme særskilde interesser. Sametinget hadde også tilstrekkeleg tilknyting til erstatningssakene. Sakene reiste eit prinsipielt rettsspørsmål om betydninga av eventuelle brot på samiske rettar ved fastlegginga av terskelen for erstatningsansvaret kommunen hadde etter skadeserstatningslova § 2-1. Sametinget hadde ei klar prejudikatsinteresse i dette spørsmålet. Sametingets funksjon som eit representativt organ for å skulle ta vare på samiske interesser gjorde det rimeleg og naturleg at Sametinget kunne få opptre som partshjelpar.

Høgsterett kom vidare til at det for eit offentleg organ som oppfyller vilkåra for å opptre som representativ partshjelpar, ikkje gjeld krav om partsevne etter tvistelova § 2-1.

Avgjerda klargjer vilkåra for representativ partshjelp frå offentlege organ.

Les heile avgjerda her.

Til toppen