Den skatterettslege grensa mellom vedlikehald og påkosting

Høgsteretts dom 22. oktober 2020, HR-2020-2018-A, (sak nr. 20-011264SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Lyse Produksjon AS (advokat Finn Backer-Grøndahl), Energi Norge (partshjelpar) (advokat Bendik Christoffersen) mot Staten v/Skatteetaten (Regjeringsadvokaten v/advokat Nils Sture Nilsson), Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (advokat Caroline Lund) (partshjelpar)

Dommarar: Webster, Noer, Bull, Bergh, Steinsvik

Høgsterett kom til at utgiftene til å forsterke ei av landets største demningar, Svartevassdammen på grensa mellom Agder og Rogaland, for dei aktuelle åra ikkje kunne trekkast frå som vedlikehaldsutgifter direkte i inntektene til kraftselskapet, men måtte avskrivast over 67 år som ei påkosting.

Forsterkingsarbeida var nødvendige på grunn av nye og strengare krav til damsikkerheit. Arbeida førte ikkje til ein auke i kraftproduksjonen. I samsvar med rettspraksis og juridisk teori om skiljet mellom vedlikehald og påkosting, der det blir lagt størst vekt på om eigedelen er teknisk eller fysisk endra i forhold til den opphavlege tilstanden, kom Høgsterett likevel til at forsterkingsarbeida måtte reknast som påkostingar som må avskrivast. Det var ikkje avgjerande at demninga etter forsterkningsarbeida framleis heldt same relative standard som ho hadde gjort som ny, nemleg dei høgaste sikkerheitskrava, når desse i mellomtida var skjerpa og det ikkje elles låg føre noko behov for tiltaka.

Dommen gir rettleiing om den skatterettslege grensa mellom vedlikehald og påkosting.

Les heile avgjerda her.

Til toppen