Justering og tilbakeføring av inngåande meirverdiavgift

Høgsteretts dom 27. oktober 2020, HR-2020-2060-A, (sak nr. 20-87995SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Staten v/Skatteetaten (advokat Simen Skjold Søgaard) mot VS Stein AS (advokat Ivan Skjæveland)

Dommarar: Matningsdal, Webster, Noer, Bergh, Østensen Berglund

Eit vedtak frå Skatt Vest om tilbakeføring av frådragsført inngåande meirverdiavgift ved overføring av infrastrukturtiltak til ein fylkeskommune blei oppretthalde.

I samband med utvidinga av eit steinbrot i Sandnes blei VS Stein AS pålagt å utføre og ta kostnaden for ulike arbeid på fylkesvegen i det aktuelle området. Byggetiltaket blei deretter overdratt til Statens vegvesen, som administrerer fylkesvegane på vegner av Rogaland fylkeskommune. Ved utføringa av arbeida hadde VS Stein AS, som driv avgiftspliktig verksemd, løpande ført inngåande meirverdiavgift til frådrag.

Høgsterett kom til at det låg føre ei overdraging av kapitalvarer etter meirverdiavgiftslova, slik at selskapet plikta å tilbakeføre frådragsført meirverdiavgift etter reglane om justering i meirverdiavgiftslova kapittel 9. Det var utan betydning at byggetiltaket i hovudsak var utført på fylkeskommunal grunn, og at enkelte delar blei fullførte etter overtakinga. Justeringsplikta inntrer ved fristen for innlevering av omsetningsoppgåve for den terminen overdraginga skjer. Plikta kan likevel unnlatast dersom det blir inngått ein justeringsavtale mellom overdragaren og mottakaren. Ein slik avtale var inngått 17 månader etter overdraginga. Høgsterett kom til at justeringsavtalar må gjerast innan oppgåvefristen for overdragingsterminen. Avtalen var dermed inngått for seint og var utan betydning for justeringsplikta som kvilte på VS Stein AS.

Saka gir rettleiing for korleis ein skal forstå meirverdiavgiftslova §§ 9-2 og 9-3.

Les heile avgjerda her.

Til toppen