Innleigde arbeidstakarar har rett til resultatbasert selskapsbonus

Høgsteretts dom 2. november 2020, HR-2020-2109-A, (sak nr. 19-167507SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A, B (advokat Karianne Rettedal), Landsorganisasjonen i Norge (partshjelpar) (advokat Stig Åkenes Johnsen) mot Semco Maritime AS, Næringslivets Hovedorganisasjon (partshjelpar)

Dommarar: Øie, Skoghøy, Matheson, Bull, Steinsvik

Høgsterett kom samrøystes til at likebehandlingsregelen i arbeidsmiljølova § 14-12 a første ledd gir innleigde arbeidstakarar same rett til resultatbasert bonus som dei fast tilsette så lenge det dreier seg om vederlag for arbeid.

To innleigde arbeidstakarar hadde i ei årrekke vore utleigde til ei offshorebedrift. Bedrifta hadde ei resultatbasert bonusordning for dei fast tilsette. Dei innleigde arbeidstakarane meinte at sidan bemanningsføretaket hadde plikt til å sikre dei minst dei same vilkåra som dei fast tilsette i innleigeføretaket når det gjaldt lønn, hadde dei krav på at bemanningsføretaket utbetalte dei same bonus som dei ville fått om dei hadde vore fast tilsette i innleigeføretaket.

Høgsterett kom til at «lønn» ifølge likebehandlingsregelen er vederlag for arbeid. Den aktuelle bonusordninga var ei form for resultatlønnsordning og ein del av det samla systemet for vederlag for arbeid i innleigeføretaket. Likebehandlingskravet førte derfor fram.

Avgjerda avklarer korleis ein skal forstå lønnsomgrepet i arbeidsmiljølova § 14-12 a første ledd bokstav f, og at også resultatbaserte bonusordningar på verksemdsnivå kan vere lønn ifølge lova.

Les heile avgjerda her.

Til toppen