Konkursunntak i Luganokonvensjonen

Høgsteretts orskurd 11. november 2020, HR-2020-2175-A, (sak nr. 20-027402SIV-HRET), sivil sak, anke over orskurd

Alpha Insurance AS' konkursbu (advokat Henning Harborg) mot A (advokat Lornts Natrud Nagelhus)

Dommarar: Skoghøy, Falkanger, Arntzen, Falch, Thyness

Høgsterett kom til at Luganokonvensjonen ikkje gav grunnlag for at eit søksmål mot konkursbuet til eit dansk forsikringsselskap for å få fastslått at det var grunnlag for krav under yrkesskadeforsikring, kunne reisast ved Bergen tingrett. Slik Høgsterett såg det, kom konkursunntaket i artikkel 1 nr. 2 bokstav b i konvensjonen til bruk i søksmålet.

Ein måtte forstå tidlegare høgsterettsavgjerder om konkursunntaket slik at eit slikt søksmål ikkje hadde «tilstrekkelig tilknytning til Norge», jf. tvistelova § 4-3. Søksmålet måtte derfor avvisast av Bergen tingrett.

Avgjerda avklarer rekkevidda av konkursunntaket i artikkel 1 nr. 2 bokstav b i Luganokonvensjonen og kva som er riktig verneting der unntaket kjem til bruk.

Les heile avgjerda her.

Til toppen