Revisjon av avtale om sluttpakke ved nedbemanning

Høgsteretts dom 13. november 2020, HR-2020-2202-A, (sak nr. 19-148926SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

St1 Norge AS (advokat Øyvind Carelius Svendsen) mot Eivind Ytterland mfl. (advokat Kyrre Eggen)

Dommarar: Indreberg, Falkanger, Noer, Ringnes, Steinsvik

Høgsterett kom til at eit selskap ikkje var forplikta til å tilby sju tilsette ein såkalla tidlegpensjon som sluttavtale i samband med nedbemanning.

Dei sju var tidlegare tilsette i Shell. Der var det ein langvarig praksis som gjekk ut på at tilsette over 57 år fekk tilbod om såkalla tidlegpensjon ved frivillig avgang i samband med nedbemanning. Den delen av selskapet der dei sju arbeidde, blei skild ut til eit eige selskap og seinare seld. Spørsmålet var om det i samanheng med det blei gitt eit bindande løfte om at praksis med å tilby tidlegpensjon skulle halde fram i ein overgangsperiode på to år.

Høgsterett uttalte at det ved profesjonelle prosessar som dette og ved einsidig fastsette pensjonsytingar av stor økonomisk verdi generelt er ein viss presumsjon for at arbeidsgivaren ikkje har gitt avkall på retten til å endre ordningane. Det som følgde av tidsnær dokumentasjon i saka, gav ikkje tilstrekkeleg med haldepunkt for at det var gitt eit bindande løfte frå arbeidsgivaren si side.

Saka gir rettleiing for vurderinga av om arbeidsgivaren har bunde styringsretten sin og gitt eit bindande løfte til dei tilsette om ikkje å endre gode som selskapet tidlegare har tilbydd.

Les heile avgjerda her.

Til toppen