Reklamasjon i entrepriseforhold

Høgsteretts dom 20. november 2020, HR-2020-2254-A, (sak nr. 19-186990SIV-HRET)
Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Kristin Hallsjø Aarvik) mot Rambøll Norge AS, Zurich Insurance plc, Norway Branch (advokat John Gjermund Flatabø)

Dommarar: Skoghøy, Matheson, Normann, Arntzen, Falch

Saka har sitt utspring i kravet frå ein byggherre om erstatning for prosjekteringsfeil etter NS 8401. Den påståtte feilen bestod i at det i konkurransegrunnlaget for ei omlegging av riksveg 3 blei anslått at mengda omkøyringsvegar i anleggsperioden var på 1 000 kvadratmeter. Det viste seg seinare at den nødvendige mengda var det mangedobbelte av dette. Spørsmålet i saka er om byggherren har reklamert for seint, og i så fall om den prosjekterande har tapt retten til å gjere denne motsegna gjeldande.

Etter NS 8401 punkt 13.4 må oppdragsgivaren reklamere utan ugrunna opphald etter å ha blitt kjend med at det ligg føre ein prosjekteringsfeil. Høgsterett kom til at reklamasjonsfristen begynte å løpe da byggherren gav tilslutning til driftsopplegget frå entreprenøren, som viste at den nødvendige mengda omkøyringsvegar var på rundt 15 000 kvadratmeter. Fram til dette tidspunktet hadde entreprenøren arbeidd med å redusere mengda omkøyringsvegar. Etter at fristen begynte å løpe, la Høgsterett til grunn at rundt to veker burde vere tilstrekkeleg til å saksbehandle reklamasjonen. Reklamasjonen, som var sett fram etter fire veker, var da sett fram for seint.

Den prosjekterande venta rundt tre år med å gjere gjeldande at byggherren hadde reklamert for seint. Etter ei heilskapsvurdering av kontakten mellom partane fann Høgsterett at reklamasjonsmotsegna var tapt.

Avgjerda har særleg betydning for spørsmålet om når ei reklamasjonsmotsegn må reknast som tapt.

Les heile avgjerda her.

Til toppen