Gyldigheita av vedtak om registrering av DNA-profil i politiets identitetsregister

Høgsteretts dom 9. desember 2020, HR-2020-2372-A, (sak nr. 20-045136SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

A (advokat Christoffer Adrian Falkeid) mot Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (advokat Knut-Fredrik Haug-Hustad)

Dommarar: Skoghøy, Bull, Arntzen, Bergh, Steinsvik

Saka gjeld registrering av DNA-profil i politiets identitetsregister som inngrep i retten til respekt for privatlivet – spørsmål om samhøvet.

DNA-profilen til saksøkaren var blitt registrert i politiets identitetsregister som følge av ein dom på 18 dagars fengsel og bot for forsøk på promillekøyring. Høgsterett kom til at registreringa ikkje var eit mishøveleg inngrep i retten til respekt for privatliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8.

Forholdet mellom den norske registreringsordninga og EMK artikkel 8 er grundig behandla i Høgsteretts dom i HR-2019-1226-A, der registreringa også blei rekna for å vere innanfor grensene i EMK artikkel 8. Saka no skilde seg frå den saka dels ved at det dreidde seg om eit mindre alvorleg lovbrot, og dels ved at det har komme til nokre nye avgjerder frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) om spørsmålet. Høgsterett kunne ikkje sjå at forskjellen i alvorlegheitsgrad eller dei nye avgjerdene medførte at registrering i dette tilfellet var mishøveleg, men knytte kommentarar til retten til å krevje sletting.

Avgjerda gir rettleiing særleg om praktisering av retten til sletting.

Les heile avgjerda her.

Til toppen