Barnevern – omsorgsovertaking og samvær. Forholdet til EMK artikkel 8

Høgsteretts orskurd 27. mars 2020, HR-2020-663-S, (sak nr. 00-000001SIV-HRET) og (sak nr. 00-000002SIV-HRET), anke over X lagmannsrettsavgjerder 19. juli 2019 og 29. juli 2019

I.
A (advokat Bente Mostad Tjugum) mot Y kommune (advokat Frode Lauareid), (Rettsleg medhjelpar: advokat Trine Riiber), KS (partshjelpar) (advokat Frode Lauareid), B (advokat Steinar Thomassen)

II.
B (advokat Steinar Thomassen) mot Y kommune (advokat Frode Lauareid), (Rettsleg medhjelpar: advokat Trine Riiber), KS (partshjelpar) (advokat Frode Lauareid)

Møte i sakene i medhald av tvistelova § 30-13:
Staten v/Justis- og beredskapsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Emberland), (Rettsleg medhjelpar: advokat Henriette Lund Busch)

Dommarar: Øie, Matningsdal, Møse, Matheson, Falkanger, Normann, Bull, Kallerud, Ringnes, Bergh, Østensen Berglund

Spørsmålet for Høgsterett var om lagmannsretten skulle ha gitt samtykke til behandling av mors anke over tingrettsdommen om omsorgsovertaking og samvær og fars anke over tingrettsdommen om å nekte samvær. Hovudspørsmålet var om det på bakgrunn av praksisen i Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), særleg storkammerdom 10. september 2019 Strand Lobben mot Noreg, kunne ligge føre ei krenking av Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 om retten til familieliv dersom tingrettsdommane blei ståande. Høgsterett forkasta begge ankane.

Sakene blei foreinte til felles behandling og behandla av Høgsterett i storkammer saman med to andre barnevernssaker (HR-2020-661-S og HR-2020-662-S). Avgjerda er einstemmig.

Høgsterett kom til at det ikkje var vesentlege manglar ved avgjerdene i tingretten eller saksbehandlinga som tilsa at lagmannsretten skulle ha behandla ankane, jf. tvistelova § 36-10 tredje ledd bokstav c. Det blei ikkje konstatert krenking av EMK artikkel 8.

Mor fekk ved ein tingrettsdom i 2014 i sak etter barnelova foreldreansvaret aleine, medan far ikkje fekk rett til samvær. Da mor blei fråtatt omsorga for barnet i 2018, hadde barnevernet sidan 2012 følgt mor og barn tett, og det var forsøkt fleire hjelpetiltak. Far hadde ikkje hatt kontakt med mor eller barn etter dommen i 2014, men hadde i samband med omsorgsovertakingssaka kravd samvær med dottera.

Slik Høgsterett såg det, bygde tingrettsdommen om omsorgsovertaking på eit breitt, oppdatert og sikkert avgjerdsgrunnlag, og det var ikkje avgjerande manglar ved grunngivinga. EMDs praksis gav ikkje støtte for at det som hovudregel skal oppnemnast sakkunnig i saker om omsorgsovertaking etter barnevernlova. Dette må avgjerast etter ei konkret vurdering. Tingretten hadde basert seg på konkrete observasjonar og faglege vurderingar frå fleire fagpersonar som hadde følgt barnet og familien tett i fleire år. Mellom anna på bakgrunn av det meinte Høgsterett at det var forsvarleg å avgjere saka utan oppnemning av sakkunnig.

Tingretten hadde fastsett samvær med mor til to timar seks gonger i året under tilsyn. Høgsterett viste til at det verken på grunnlag av norsk rettspraksis eller praksis frå EMD kan fastsettast eit minstenivå for samvær. Omfanget må fastsettast etter ei konkret vurdering. Målsettinga om gjenforeining føreset at det skal fastsettast så mykje samvær som mogleg utan å sette til side omsynet til det som er det beste for barnet. Det fastsette samværet er eit minimumssamvær som barnevernet jamleg har plikt til å vurdere omfanget og kvaliteten av.

Ved fastsettinga av samvær hadde tingretten vist til at jenta hadde hatt ei negativ utvikling, og at ho for tida hadde eit særleg behov for ro og stabilitet, mellom anna fordi ho no, kort tid etter omsorgsovertakinga, skulle etablere seg i sin andre fosterheim. Tingretten føresette at samværet etter kvart ville bli utvida.

I fars sak kom tingretten til at han på det noverande tidspunktet ikkje skulle ha samvær med dottera. Dels blei det vist til at barnet hadde behov for ro i ein overgangsperiode. Retten meinte vidare at det var betydeleg risiko for skadeverknader for jenta dersom samvær blei igangsett før ho var gammal nok til å forstå innhaldet av ein alvorleg straffedom mot far. Slik Høgsterett såg det, var det derfor ikkje feil at det ikkje var oppnemnt sakkunnig til å vurdere fars samværskompetanse. Høgsterett viste elles til at EMD på ulikt vis har gitt uttrykk for at ikkje-eksisterande eller svake familieband har mindre vern enn eit etablert familieliv.

I begge saker om samvær kom Høgsterett til at det ikkje var vesentlege svakheiter ved avgjerda eller saksbehandlinga i tingretten. Avgjerdsgrunnlaget, den samla grunngivinga og avveginga var ikkje i strid med dei krava som blir stilte etter intern norsk rett og EMK artikkel 8.

Orskurden har betydning for kva materielle og prosessuelle krav som i lys av norsk rett og EMK artikkel 8 gjeld for omsorgsovertaking og fastsetting av samvær, og gir særleg rettleiing for krava som blir stilte til fylkesnemnda og domstolane i barnevernssaker når det gjeld avgjerdsgrunnlag, avveging og grunngiving.

Les heile avgjerda her

Til toppen