Rettsvern ved samla pantsetting av kundefordringar

Høgsteretts dom 20. april 2020, HR-2020-837-A, (sak nr. 19-144892SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

ING Bank N.V. (advokat Henning Harborg) mot Bergen Bunkers AS’ konkursbo
(advokat Egil Horstad)

Dommarar: Matningsdal, Webster, Matheson, Bergsjø, Bergh

Fleirtalet i Høgsterett kom til at det ved avtale om faktoringpant krevst tinglysing for at sikkerheit i framtidige ikkje-individualiserte fordringar frå ein pantsettar mot ein kunde skal få rettsvern. I slike tilfelle er ei generell førehandsmelding til kunden om pantsettinga ikkje tilstrekkeleg for vern. Fleirtalet meinte at systemet i pantelova taler for ei slik løysing, og at rettspraksis gir støtte for dette. Fråsegner i juridisk teori kunne ikkje endre på dette.

Ein bank fekk etter dette ikkje medhald i at den generelle førehandsmeldinga som låntakaren hadde sendt kundane sine om pantsetting av framtidige ikkje-individualiserte krav, kunne få rettsvern.

Eit mindretal på to dommarar meinte at pantelova § 4-5 om rettsvern ved melding til skyldnaren er ein sjølvstendig rettsvernsregel og ikkje berre avgrensa til å gjelde rettsvern for pant i individualiserte fordringar. Dette er støtta av så vel andre føresegner i pantelova som av rettspraksis og juridisk teori.

Avgjerda avklarer rettsvernsspørsmål ved samla pantsetting av kundefordringar.

Les heile avgjerda her

Til toppen