Lagmannsrettens avslag på søknad om asyl oppheva

Høgsteretts orskurd og dom 17. september 2020, HR-2020-1799-A, (sak nr. 20-007344SIV-HRET), sivil sak, anke over dom

Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Ane Sydnes Egeland) mot A (advokat John Christian Elden), Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) (advokat Jan Fougner) (partshjelpar)

Dommarar: Møse, Matheson, Bull, Østensen Berglund, Steinsvik

Lagmannsretten hadde komme til at ei iransk kvinne ville vere utsett for fare for forfølging ved tvangsretur til Iran. På den bakgrunnen meinte lagmannsretten at avslaget i Utlendingsnemnda på søknaden hennar om status som flyktning var ugyldig. Høgsterett kom samrøystes til at verken flyktningkonvensjonen eller utlendingslova gir haldepunkt for at situasjonen ved ein eventuell tvangsretur skal vektleggast ved avgjerda av om søkaren skal få innvilga asyl. Det legitime behovet for vern mot den faren for forfølging ein eventuell tvangsretur kan skape, er tatt vare på gjennom dei reglane om vern som gjeld ved utsendinga.

Avgjerda klargjer kva forhold som skal vurderast på tidspunktet for vedtak om eventuell status som flyktning.

Les heile avgjerda her.

Til toppen