Straffutmåling og utmåling av oppreisning ved mishandling i nære relasjonar

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1345-A, (sak nr. 20-028013STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Tore Angen) mot Påtalemakta (statsadvokat Per Morten Schjetne), B (advokat Arve Opdahl)

Dommarar: Matningsdal, Matheson, Bergsjø, Høgetveit Berg, Thyness

Lagmannsretten hadde sett straffa for mishandling av ektefelle til fengsel i åtte månader og tilkjent 100 000 kroner i oppreisning. Høgsterett forkasta anken over straffekravet, men reduserte oppreisningsbeløpet til 80 000 kroner.

Ein 55 år gammal mann kom i 2013 i kontakt med ei rundt 20 år yngre marokkansk kvinne på ein nettstad. Dei gifta seg i 2014, og ho flytta til Noreg i 2016. Mannen begynte å mishandle ektefellen med ein gong ho flytta inn hos han. Den fysiske valden var avgrensa, medan den psykiske mishandlinga i form av nedsettande kommentarar og nærmast total kontroll over livet til ektefellen var alvorleg. Høgsterett meinte at utgangspunktet for straffutmålinga burde ligge opp mot fengsel i eitt år, men gjorde som lagmannsretten frådrag for lang saksbehandlingstid. Oppreisningsbeløpet blei redusert etter ei samla vurdering, der det mellom anna blei sett på nivået ved valdtekt.

Dommen gir rettleiing om straffutmåling og oppreisning ved mishandling i nære relasjonar.

Les heile avgjerda her.

Til toppen