Straffutmåling for forsøk på grov omsorgsunndraging

Høgsteretts dom 26. juni 2020, HR-2020-1356-A, (sak nr. 20-042676STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Halvard Helle), B (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (statsadvokat Vibeke Gjøslien Martins)

Dommarar: Indreberg, Normann, Bull, Ringnes, Falch

Ein gut som enno ikkje hadde fylt to år, skulle ha samvær med faren sin i lokala til barnevernet. Guten var tatt under omsorg frå barnevernet og budde i fosterheim. Han blei tatt med til samværet av fostermora. Utanfor lokalet blei dei overfalne av ein person som brukte tåregass og reiv barnet ut av armane på fostermora. Ein tilfeldig forbipasserande fekk avverja at guten blei tatt. Planen var at barnet skulle fraktast til Sverige og deretter til Polen. På bilturen til Sverige skulle han ligge i bagasjerommet saman med farmora si. Farmora var den som hadde lagt planen. Ein tredjeperson, som er rettskraftig dømd i tingretten, var den som forsøkte å ta guten. Den tiltalte B medverka ved å køyre ein bil som skulle skjule overfallet.

Høgsterett viste til at grov omsorgsunndraging, jf. straffelova § 261 andre ledd, skal straffast strengt. Behovet for streng straff er særleg aktuelt når barnet blir tatt ut av landet. Guten har fått betydelege psykiske etterverknader av hendinga.

Høgsterett uttalte at straffa for farmora, som var hovudpersonen i unndragingsforsøket, er fengsel i overkant av eitt år. Etter frådrag i straffa for lang saksbehandlingstid i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1 blei straffa sett til fengsel i ti månader. Den tiltalte B hadde ei nødvendig, men meir perifer rolle. For han la Høgsterett til grunn eit utgangspunkt på ti månaders fengsel, som blei redusert til åtte månader etter frådrag for tidsforløpet.

Straffutmålinga er i samsvar med straffene som lagmannsretten fastsette, og ankane blei forkasta.

Dommen gir rettleiing for straffutmåling ved grov omsorgsunndraging.

Les heile avgjerda her.

Til toppen