Straffutmåling ved ulovleg innehav av skytevåpen

Høgsteretts dom 14. desember 2020, HR-2020-2409-A, (sak nr. 20-117931STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat Odd-Rune Torstrup) mot Påtalemakta (kst. statsadvokat Alf Butenschøn Skre)

Dommarar: Webster, Ringnes, Arntzen, Falch, Steinsvik

Høgsterett fastsette straffa til fengsel i 60 dagar.

Den tiltalte hadde utan løyve hatt to skytevåpen og ammunisjon. Desse var ikkje forsvarleg nedlåste. Ingen av våpena var funksjonsdyktige, og det eine hadde så store manglar at skadepotensialet var svært avgrensa. Straffa blei i utgangspunktet sett til fengsel i 40 dagar. Det blei gitt eit tillegg på 20 dagar for gjentaking.

Dommen klargjer straffenivået for ulovleg innehav av våpen.

Les heile avgjerda her.

Til toppen