Anke over straffutmåling

Høgsteretts dom 8. mai 2020, HR-2020-976-A (sak nr. 19-156119STR-HRET), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Påtalemakta (konstituert statsadvokat Magnus Schartum-Hansen)

Dommarar: Øie, Møse, Falkanger, Arntzen, Bergh

Høgsterett fastsette straffa for valdtekt til forvaring i sju år med ei minstetid på fire år og åtte månader. Det blei lagt betydeleg vekt på at den domfelte tidlegare var dømd for ei valdtekt som skjedde under liknande omstende.

Begge valdtektene skjedde under ruspåverknad og overfor sambuaren medan sambuarskapet var under oppløysing. Rusproblema til den domfelte og åtferda hans overfor kvinner han etablerer intim kontakt med, tilsa at det på domstidspunktet var nærliggande fare for nye alvorlege lovbrot.

Ei tidsbestemt fengselsstraff ville ikkje vere tilstrekkeleg til å verne andres liv, helse eller fridom ved utløpet av straffa.

Les heile avgjerda her

Til toppen