Kulturminne
Riksantikvaren vedtok 18. november 2014 å frede Høgsteretts Hus som kulturminne.
Fredinga omfattar eksteriøret og delar av interiøret i tillegg til laust inventar som er spesialteikna for bygningen.
Høgsteretts Hus er den første formålsbygde justisbygningen i hovudstaden etter 1814. Bygningen er ein ruvande monumentalbygning i italiensk nyrenessansestil, oppført i perioden 1896–1903, etter teikningar av arkitekt Hans Jacob Sparre for å huse Høgsterett, lagmannsretten og den sivile domstolen, seinare kalla byretten.
Frå 1996 har bygningen berre husa Høgsterett og fekk da namnet Høgsteretts Hus. Bygningen er av gjennomgåande høg arkitektonisk kvalitet – gjennomført heilt ned til spesialteikna møblar og lamper. I samband med overtakinga blei det i perioden 1994–1996 gjennomført ei omfattande restaurering av bygningen.
I 1895 løyvde Stortinget pengar til å førebu arbeidet med Justisbygningen. Bygget skulle huse alle dei tre rettsinstansane: byretten, lagmannsretten og Høgsterett. Ein arkitektkonkurranse blei utlyst, og i mars 1898 hadde det komme inn 23 forslag.
Arkitekt Sparres idé var ei horisontal funksjonsdeling av bygget som tilsvarte dei tre rettsinstansane. Rettssalane låg i kvar sin etasje og fekk eit verdig og monumentalt preg.
Tomta var lang og smal. Dette baud på arkitektoniske utfordringar som Sparre løyste på ein særdeles elegant måte. Han la førsteinstans, byretten, i første etasje med fasade og eigen inngang frå Grubbegata.
Lagmannsretten plasserte Sparre i andre etasje. Dette var den største rettssalen, og eit imponerande inngangsparti førte via ein stor vestibyle og ein elegant trappehall opp til rettssalen.
Høgsteretts rettssal låg i tredje etasje med elegant overlys og vindauge og inngang frå Akersgata.