Praktiske opplysningar
Praktiske opplysningar
Forhandlingane i Høgsterett begynner vanlegvis kl. 09.15 og blir avslutta kl. 14.30. Normalt er det fire pausar: ca. kl. 10.15 (10 minutt), ca. kl. 11.05 (5 minutt), kl. 12.00 (30 minutt) og ca. kl. 13.30 (5 minutt). Saker som er tidsette til ein halv dag, startar normalt kl. 09.15 og blir avslutta kl. 12.00.
Andre avdelings rettssal er i andre etasje. Første avdelings rettssal er i tredje etasje. Med mindre det er andre rettsmøte som held på, blir rettssalane opna kl. 08.45.
Det er toalett i gangen utanfor andre avdelings rettssal. Det er ikkje kantine i bygget, men det er mogleg å kjøpe mat fleire stader i gangavstand frå Høgsterett.
Det er trådlaust nett tilgjengeleg i rettssalane, i resepsjonsområdet og i korridorane i Høgsterett. Tenesta er gratis. Kode for tilgang til nettet får ein i resepsjonen.
Vi viser elles til heimesidene våre, www.hoyesterett.no.