Om ein grunneigar hadde rett til å bygge hytte innanfor området til eit reinbeitedistrikt
Høgsterettsdom dom 22. juni 2017, HR-2017-1230-A, (sak nr. 2016/2334), sivil sak, anke over dom
Hjerttind reinbeitedistrikt (advokat Henrik Boehlke) mot Jarle Kristian Ottesen (advokat Kristoffer Dons Brøndbo)
Dommarar: Bergh, Webster, Kallerud, Høgetveit Berg, Endresen
Høgsterett kom til at ei planlagd bygging av hytter i samsvar med godkjend reguleringsplan ikkje krenkte reindriftsretten.
Høgsterett fann at avveginga måtte skje etter regelen i reindriftslova § 63 første ledd. Etter ei konkret vurdering kom Høgsterett til at utbygginga ikkje ville vere til vesentleg skade eller ulempe for reindriftsutøvinga.
Avgjerda bidrar til å avklare dei rettslege utgangspunkta som gjeld for forholdet mellom reindriftsrettar og retten grunneigaren har til å utnytte eigen eigedom.