Ansvar for udekte forpliktingar i avvikla selskap
Høgsteretts dom 16. oktober 2018, HR-2018-1983-A, (sak nr. 2017/1868), sivil sak, anke over dom, Ålen Røde Kors, Gauldal Røde Kors, Budal Røde Kors Hljelpekorps, Rennebu Røde Kors Hjelpekorps, Soknedal Røde Kors Hjelpekorps, Melhus Røde Kors, Sør-Trøndelag Røde Kors (advokat John Olav Engelsen) mot Overføringsavtalens sikringsordning (advokat Andreas Nordby)
Dommarar: Arntzen, Noer, Bergsjø, Høgetveit Berg, Indreberg
Saka gjeld spørsmål om kva ansvar aksjeeigarane har for udekte forpliktingar i eit avvikla selskap, jf. aksjelova § 16-12, nærmare bestemt kva for utbetalingar til aksjeeigarane som er omfatta av føresegna om avviklingsdelar i § 16-9.
Etter at det var avgjort at eit ambulanseselskap skulle avviklast, fekk aksjeeigarane utbetalingar i to omgangar. Den første utbetalinga var angitt å vere ordinært utbytte, medan den andre var angitt å vere avviklingsdel. Begge utbetalingane skjedde etter at fristen til å melde inn krav mot selskapet var gått ut. Ein kreditor reiste krav mot aksjeeigarane etter at selskapet var avvikla, og spørsmålet var om ansvaret aksjeeigarane har etter aksjelova § 16-12, også omfatta den første utbetalinga.
Høgsterett kom til at utdeling til aksjeeigarane etter at seksvekersfristen for å melde krav til avviklingsstyret hadde gått ut, må reknast som utdeling av avviklingsdelar etter § 16-9. Det inneber at utbetalingar etter seksvekersfristen er omfatta av det objektive ansvaret aksjeeigarane har etter § 16-12 første ledd.
Avgjerda har betydning for grensedraginga mellom ordinært utbytte etter aksjelova § 8-1 og avviklingsdel etter § 16-9 for eit selskap som er under avvikling.