Avgrensingsfond kan ikkje brukast til rentefrådrag

Høgsterettsdom 28. juni 2018, HR-2018-1260-A, (sak nr. 2017/2118), sivil sak, anke over dom, The London Steam-Ship Owners Mutual Insurance Association Ltd., The Roc Maritime Inc. c/o Franco & Franco, Cosco (H.K) Shipping Co Ltd. (advokat Gaute Gjelsten) mot Staten v/Samferdselsdepartementet (Regjeringsadvokaten v/advokat Ole Kristian Rigland)


Dommarar: Kallerud, Sverdrup, Bergsjø, Noer, Matningsdal

Avgrensingsfond oppretta i medhald av sjølova kan ikkje brukast til dekning av rentekrav

Bulkskipet Full City grunnstøytte utanfor Langesund i 2009. Havariet førte til at det lak ut bunkersolje som forureina strandlinja frå Stavern til Lillesand.

I medhald av sjølova § 177, jf. § 231 flg. blei det etter initiativ frå reiaren og eigaren av skipet mfl. (reiarsida) oppretta eit avgrensingsfond. Fondet består av ein ansvarsdel på cirka 200 millionar kroner som reiarsida har betalt inn, og ein "rentekomponent" på omtrent 58 millionar kroner som reiarsida har stilt garanti for.

Staten har kravd erstatta om lag 240 millionar kroner i anledning oljevernaksjonen som blei sett i gang. I tillegg kjem renter. Også andre har gjort gjeldande krav mot fondet. Dei totale krava overstig totalbeløpet i fondet.

Spørsmålet i saka var om dividenden til kreditorane berre skal bereknast av ansvarsdelen av fondet, eller om også rentekomponenten skal inngå i dividendegrunnlaget.

Høgsterett kom til at berre ansvarsbeløpet inngår i dividendegrunnlaget. Det blei særleg lagt vekt på at ordlyden i lova er klar når det gjeld retten reiarsida har til å avgrense ansvaret, og at det ville utvide ansvaret om også beløp som var sette av som garanti for renter, skulle inngå i dividendegrunnlaget.

Les heile avgjerda