Avtalefesta pensjon ved verksemdsoverdraging
Høgsteretts dom 11. oktober 2018, HR-2018-1944-A, (sak nr. 2018/177), sivil sak, anke over dom, DNB Næringseiendom AS, Finans Norge (partshjelpar) (advokat Anne Marie Due), Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) (partshjelpar) (advokat Margrethe Meder) mot A (advokat Jan Roald Heiberg), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) (partshjelpar) (advokat Pål Behrens)
Dommarar: Møse, Matheson, Høgetveit Berg, Noer, Indreberg
Saka gjaldt spørsmål om valrett ved verksemdsoverdraging, særleg betydninga av at avtalefesta pensjon (AFP) fell bort.
Ved sal av eit kjøpesenter blei tilsettingsforholdet for mellom andre A, ein 60 år gammal marknadskoordinator, overført. Den nye arbeidsgivaren var ikkje tilslutta AFP-ordninga. As ønske om å halde fram med arbeidsforholdet hos denne arbeidsgivaren blei avslått.
Høgsterett fann at A hadde valrett. Som følge av verksemdsoverdraginga eitt år og to månader før ho fylte 62 år, gjekk ho glipp av AFP på totalt 1,3 millionar kroner.
Det kunne ikkje tilleggast vekt at A hadde eit privat lån på omtrent 1,5 millionar kroner. Negative verknader av verksemdsoverdraging må ha tilknyting til arbeidssituasjonen. Reint personlege forhold har ikkje betydning.