Avvising av søksmål fordi krava var rettskraftig avgjort
Høgsteretts orskurd 13. juni 2018, HR-2018-1130-A, (sak nr. 2018/138), sivil sak, anke over orskurd, A (advokat Karoline Bjerke Wangberg) mot Rørleggerservice AS (advokat Per Conradi Andersen)
Dommarar: Høgetveit Berg, Arntzen, Bergh, Sverdrup, Webster
Spørsmål om avvising av søksmål etter tvistelova § 19-15 tredje ledd fordi krava i søksmålet alt var rettskraftig avgjort.
Høgsterett kom til at søksmålet måtte avvisast. Krav om prisavslag og skadebot måtte i den konkrete saka reknast som motsegner til eit krav om betaling som tidlegare var avgjort i ein rettskraftig dom frå forliksrådet.
Orskurden har tyding for forståinga av kva som prosessuelt skal reknast som "same krav".