Beviskrav ved oppseiing av gravid arbeidstakar

Høgsterettsdom 19. juni 2018, HR-2018-1189-A, (sak nr. 2017/1998), sivil sak, anke over dom, A (advokat Fredrik Lund Skyberg) mot Ikt-huset AS og B (advokat Bernt A. Nakken)

Dommarar: Matheson, Bergsjø, Sverdrup, Arntzen, Matningsdal

Høgsterett kom einstemmig til at ved oppseiing av ein gravid arbeidstakar er det eit krav at det skal vere klar sannsynsovervekt for at det ikkje er graviditeten som er årsaka til oppseiinga. 

Ein gravid arbeidstakar fekk svangerskapsplager og blei seinare delvis sjukmeld. Nokre veker ut i sjukmeldinga blei ho sagd opp. Bedrifta viste til nedbemanningsbehov som årsak til oppseiinga. 

Etter arbeidsmiljølova § 15-9 skal oppseiing under graviditet betraktast som å vere grunngitt i graviditeten dersom ikkje noko anna «gjøres overveiende sannsynlig».

Under tilvising til klare fråsegner i forarbeida kom Høgsterett til at det med «overveiende sannsynlig» er meint klar sannsynsovervekt for at det ikkje er graviditeten som er årsaka til oppseiinga. Bedrifta oppfylte med utgangspunkt i tidsnære bevis og manglande drøftingar etter § 15-1 ikkje dette beviskravet. 

Dommen klargjer beviskravet ved oppseiing etter dei særlege stillingsvernreglane i arbeidsmiljølovgivinga. Dommen gir også rettleiing for kva manglande drøftingar kan ha å seie for bevisvurderinga og gyldigheita av oppseiinga.

Les avgjørelsen i sin helhet